Frontkollisjon på E136 - vegen delvis opna

Politiet melder om ein frontkollisjon på E136 i Landedalen i Ørskog.

Frontkollisjon på E39 Ørskogfjellet.  Foto: Nils Harald Ånstad

ALVORLEG ULYKKE Ulykka har ifølge politiet skjedd her ved Landedalen på sørvestsida av Ørskogfjellet.  Foto: Smp-tipser

Utrykning til frontkollisjon Ørskogfjellet.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Naudetatane rykka onsdag ettermiddag ut til ein frontkollisjon i Landedalen i Ørskog.

To bilar med til saman tre personar var involvert i ulukka, ifølgje politiet på Twitter. Politiet melder også om personskade.

Ein av dei involverte vart frakta vekk i ambulansehelikopter, mens to vart køyrd til sjukehus i sjukebil.

Lange køar

E136 var onsdag ettermiddag sperra for all trafikk forbi ulukkesstaden.

– Ulukka har skjedd om lag ein kilometer etter avkøyringa til Valgermo. Det er vanskeleg med omkøyring og det er lange køar på staden, sa operasjonsleiar Magne Tjønnøy i politiet til smp.no like etter klokka tre onsdag ettermiddag.

Skadar

Då smp.no var i kontakt med operasjonssentralen litt over klokka tre onsdag ettermiddag kunne Tjønnøy ikkje seie noko om skadeomfanget i ulukka.

Klokka 15.40 er eitt køyrefelt opna og trafikken blir sleppt forbi. Kranbil er på staden for å fjerne dei involverte bilane.

Klokka 17 opplyser Helse Møre og Romsdal at dei tre som var involvert i ulukka får behandling for lettare skadar ved Ålesund sjukehus.


Smp.no oppdaterer saka