Dette seier gitarist Rune Ståle Brautaset i bygdekøntridialektfolkrock-fenomenet Vassendgutane. DVD-èn er i hovudsak direkteopptak frå ein konsert i Seljord i 2016, og det er den tredje slike levande-musikk-bilde-plata gutane frå områda kring Vassenden i Åmdalen i Ørsta gjev ut. Dei to føregåande er «Live Rockefeller» frå 2007 og «Live Treungen» frå 2009.

Skjemmast ikkje

Det er altså sju år sidan sist Vassendgutane gav ut DVD, ei presentasjonsform som lanserte og presenterte låten Ungkar med dobbeltseng i si fulle breidde.

– Men Brautaset – er det ikkje litt gamaldags å gje ut DVD, no snart to tiår inn på 2000-talet?

– Det kan godt hende det er, men det gjer oss i så fall ingenting som helst.

– Tvert imot så tyder rapportane på at også denne siste har selt godt – heile vegen etter sleppet sist i november, summerer Brautaset. Plata «Live 20 år – Seljord» er ein miks av låtmessige høgdepunkt gjennom siste 20 åra. Og der er ingenting å skjemmast over, korkje på innhald eller presentasjon, meiner Brautaset.

Held koken

– Neidå, vi held koken. Ikkje minst gjer det oss godt når mange mellom våre tilhengjarar så klart syner takksemd gjennom sosiale media – når vi tilbyr dei eit nytt og bokstaveleg tala handfast produkt, seier Brautaset. Når det gjeld den tekniske presentasjonen med levande bilde og det heile, seier Brautaset seg særleg godt nøgd med årets produsent, som er Arild Pettersen frå Ålesund.

– Han og folka gjorde ein kjempejobb som vi er svært tilfredse med. – Det same kan vi seie om lydteknikar Svein Erik Åmås, som vi jo er svært familiære med lokalt etter våre mange tidlegare samarbeid, understrekar Rune Brautaset.

Scandic Parken

Vassendgutane er likevel ikkje meir gamaldagse enn at dei sel produkta sine frå si eiga heimeside. På den sida står det no også informasjon om det Rune Ståle Brautaset kallar eitt av dei store høgdepunkta gjennom året: Konserten på Scandic Parken i Ålesund 2. juledag.

– Ja, dette har vorte ein fast og svært fin tradisjon for oss. Stemninga der ute plar vere særleg høg. Vi skal gjere vårt yttarste til at det blir minst like bra i år, lovar Brautaset.