Kollektivtilbodet i Ålesunds-regionen blir brukt av svært mange, og vi er derfor ekstra glade for at vi frå 2017 kan gjere tilbodet enda betre, seier Svein Ivar Aarskog, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Buss til og frå alle hurtigbåtavgangar Langevåg-Ålesund

Fleire endringar frå 1. mai

Dei fleste endringane trer i kraft når ny rutetermin startar 1. mai. Frå denne datoen blir kollektivtilbodet styrka på mange område:

•Kvartersavgangar på strekninga Moa - Ålesund til kl. 24.00

•Ekstrabussar på dei aller fleste avgangane Moa-Ålesund i rushtrafikken

•Ekstrabussar i rushtida til/frå Giske kommune (Ytterland)

•Kveldsavgang til Vigra/Valderøya frå Ålesund sentrum

•Auka tilbod til Alnes, mellom anna to avgangar på søndagar

•Alnes kjem også inn som ein av rundturane i turistsatsinga «Travel like the locals»

•Betra tilbod for arbeidspendling om sommaren

•Auka tilbod på søndagar med rutestart kl. 06.30 og halvtimes avgangar midt på dagen

•Betre korrespondanser på Magerholm

Godt samarbeid

Opptatt av kollektivsatsing

- Vi håpar dette vil bidra både til at Ålesund står fram som ein attraktiv studentby, og at andre reisande lettare og oftare kan sette igjen bilen. Billegare, betre og meir miljøvenleg er målet, legg Sørheim til.

Store ambisjonar for regionen

- I tillegg satsar vi mykje på teknologisk utvikling, for å kunne tilby gode løysingar for reiseplanlegging, billettkjøp og informasjon på web og mobil, og i form av sanntidsinformasjon. Her vil det skje mykje i løpet av 2017 og 2018, og vi ser fram til å kome med meir informasjon om desse  løysingane etter kvart som dei blir klare. Reisande i Ålesunds-regionen har mykje bra å sjå fram til på kollektivfonten, avsluttar Lillevevang.