Det skriv avis sjølv i ein artikkel. Uroa skuldast at Norddal kommunestyre, med ordføraren si dobbeltstemme, har vedteke å seie opp ein annonseavtale med avisa, ein avtale verdt 100.000 kroner.

Vidare har Byggtorget varsla at dei skal slutte med all avisannonsering, skriv Storfjordnytt. Dette betyr at avisa går glipp av ytterlegare 80.000 kroner.

– Det at vi mistar to så store annonsekontraktar samtidig, set Storfjordnytt i ein svært vanskeleg situasjon, seier redaktør Audun Skjervøy til eiga avis. Han trur styret får ein stri jobb med å sette opp eit budsjett, utan å kutte i staben.

Ordførar Arne Sandnes seier til Sunnmørsposten at kommunen er tvungen til å spare.