Utlendingsinternatet på Trandum er oppretta for å hindre at asylsøkjarar som har fått avslag stikk av. Forholda på den fengelsliknande institusjonen har fått kritikk frå fleire hald. Spesielt har det vore kritikk mot at barn har blitt innesperra.

Innvandringsminister Sylvi Listhaug kjem noko av kritikken i møte. Ho opprettar ei eiga avdeling for barnefamiliar utanfor Trandum, og varslar endringar i lovverket.

– Det skal vere klare reglar for kor lenge du kan halde ein barnefamilie med tvang. Vi ynskjer å gjere regelverket tydelegare, seier Sylvi Listhaug til Sunnmørsposten.

Søker staten om erstatning: Sula vil ha flere flyktninger

Nye reglar

Måndag vert eit forlag til nye reglar for tvangsmessig tilbakehald av barn i utlendingssaker sendt ut på høyring. Her vert det gjort klart at barn normalt ikkje kan sitje lenger enn sju dagar i forvaring på utlendingsinternat.

Etter eitt døgn må styresmaktene hente inn rettsleg kjennelse for tre dagar forvaring, deretter for tre dagar til. Berre i unntakstilfelle, og med særleg grunn, vil det vere mogleg med tvangsmessig tilbakehald lengre enn ei veke.

– Vi har sett at det har vore søkjelys på at barn har sitte lenge på Trandum. Dette er vanskelege enkeltsaker, men det er samstundes viktig å for meg seie at vi har få slike saker. I 2015 var det sju barn som sat lenger enn tre døgn, og hittil i år er det sytten, seier Listhaug.

Eiga avdeling

Ein del av kritikken har gått på at det er uheldig for barn å vere innesperra i same utlendingsinternat som vaksne.

– Denne avdelinga kan ta tre barnefamiliar om gongen. Dermed vert også kapasiteten for einslege menn og andre på Trandum auka. Saman med endringane i regelverket vil det gje eit betre tilbod for barnefamiliane, seier Sylvi Listhaug.

– Betyr dette at kritikarane har rett, og at det blir for hard belasting spesielt for barn?

– Eg meiner tilbodet vi har i dag er bra, med ei eiga tilrettelagt avdeling for barnefamiliar på Trandum. Men eg meiner også at grepet med ei eiga avdeling utanfor Trandum, gjer at dette tilbodet vert endå betre for barnefamiliar, ved at det vert skilt klarare frå dei andre som skal sendast ut.

Forsvarer praksis

I haust har det også vore fleire omstridde saker der bebuarar på mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar har blitt henta av politiet utan varsel, og sende til forvaring på Trandum. Det har også skjedd på mottak på Sunnmøre, og det har sett kjensler i sving i lokalmiljøa. Innvandringsministeren varslar ingen endringar i denne praksisen.

Fakkeltog Fosnavåg er ein av stadane der utsending av unge asylsøkjarar har skapt engasjement. Arkivfoto

– Dei som vert sende er personar som har fått avslag, og der UDI og UNE meiner dei er over 18, sjølv om dei sjølve har sagt dei er under 18. Desse vert uttransportert som om dei er vaksne, seier Sylvi Listhaug.

– Har du forståing for at utsendingane, spesielt av mange unge gutar og menn frå Afghanistan, skaper reaksjonar?