For tre år sidan flytta Dale heim til Ålesund for å hjelpe familien med å ta seg av bestemora si, som ikkje lenger kunne bu åleine.

Då hadde ho budd i både Oslo, Egypt, London og dei siste tre åra i Dubai.

BAKGRUNN: Vil lokke unge tilbake til Ålesund

Forsker om tilflyttilng: Det finnes ingen «quick-fix»

– Arbeidsmarknaden her var annleis enn eg hadde sett for meg. I Dubai og London finst der stillingar i næringslivet rundt kulturforståing, mens her finst det ikkje mykje som passar mi utdanning som samfunnsvitar, fortel Dale som blei verande i Ålesund etter at bestemora flytta inn på sjukeheim. No studerer ho dokumentar og journalistikk i Volda.

– Eg utdannar meg stadig vekk frå Sunnmøre. Det er heilt klart at det er familie som har gjort at eg har valt å kome heim igjen, seier Dale som har jobba litt som lærarvikar og journalist dei siste åra. No tenker ho på å studere pedagogikk.

– Eg likar godt å vere lærar også, i tillegg til journalist. Også er det jo ei lita investering i Ålesund som framtid, seier ho.

Frå før har ho eit halvt års journalistutdanning frå Førde, der ho møtte Furelid.

Godt miljø for ein kunstnar

For eit år sidan flytta dei saman i Ålesund, og han kjøpte ein bygard på Sankten og starta galleri.

– Eg tok ein sjanse og hadde aldri trudd at det skulle gå så bra. Interessa for kunst i Ålesund er jo heilt enorm. Furelid har også selt godt til utlandet og trur plasseringa midt i sentrum har mykje av æra for dette.

– Eg vurderte aldri Oslo. Sjølv om eg har mange kundar der, ville eg nok drukna i mengda, medan her blir eg synleg på ein heilt anna måte. Som kunstnar har eg også lært mykje av det unike lyset her og eg må innrømme at eg så smått har forelska meg i byen, seier han. Heimstaden Førde bleiknar i skuggen av Jugendbyen.

Han ler og legg til at han reknar med ingen frå Førde les Sunnmørsposten.

Han sett også pris på dei urbane kvalitetane i sentrum, slik som Ingrids glasverk, Raccon, Søstrene Fryd, konsertane på Terminalen, Teaterfabrikken og sjølvsagt galleria.

– Kjedebutikkar har vi over heile landet, men det er det unike som gjer byen attraktiv, ikkje serieprodusert i plast frå Kina.

SLIK VAR DET Å FLYTTE TIL ÅLESUND:

Designerne Marielle og Hanne: – Positivt overrasket

Fra San Fransisco til Ålesund: – Som å bo i et Vogue-magasin

Sondre (25) tok maritim master og flyttet rett hjem til offshore-krise: – Ikke helt slik jeg hadde tenkt det