Selje kommunestyre har opna for samtalar også med sunnmørskommunen Vanylven. I Vanylven er ordførar Lena Landsverk Sande (V) glad for invitten.

– Det er viktig å takke ja til invitasjonar, seier Landsverk Sande til Sunnmørsposten.

Bakgrunn: Stryn vurderer Sunnmøre, det irriterer Eid-ordføraren

Vanylven har tidlegare fått nei frå Herøy/Sande og frå Volda. No vil ho gjerne snakke med Nordfjord-ordførarane. Vanylven har samtidig eit klart fleirtal om å framleis vere med i Møre og Romsdal.

– Vi har to innbyggjarundersøkingar, ei næringslivsundersøking og avstemming i kommunestyret. Det store fleirtalet har ønskt seg mot Sunnmøre. Men vi kan ikkje gå inn i forhandlingar utan å vere opne for andre ting, seier Landsverk Sande.

Ho legg likevel ikkje skjul på at ho gjerne vil ha fylkesgrensa flytta sørover. Helst ser ho Nordfjorden som eit naturleg skilje i kvardagen.

Forsøker igjen

For Selje er dette ikkje første forsøk på samtalar. I fjor viste Selje interesse for å bygge ein ny kystkommune saman med Sande og Herøy. Men på Sunnmøre takka dei høfleg nei til invitasjonen til naboprat.

Seinare stranda forhandlingane mellom Selje og Vågsøy.

– Vi har ein prosess gåande om mogleg kommunesamanslåing med Eid. Her er det ikkje tematikk å skifte fylke, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Også i Vågsøy kan dei tenke seg å vere med i forhandlingane igjen.

«Vågsøy kommunestyre viser til at Vågsøy først tok initiativ til samanslåing. Først Eid så Selje har meldt seg av samtaler med Vågsøy. Om Vågsøy no skal gå i nye samtaler med nye kommunar må det skje utan forutbestemte føringar» heiter det i vedtaket.

Les fleire saker om kommunereforma

Uoversiktleg situasjon

At Stryn kan bli ein del av Møre og Romsdal likar Selje-ordføraren dårleg.