Frostating lagmannsrett har dømt ein mann i 20-åra for valdtekt av ei mindreårig jente. Han er også dømd for fleire tilfelle av utuktig omgang mot jenta og ei anna jente.

Mannen blei i Søre Sunnmøre tingrett tidlegare i år dømd til fire og eit halvt år fengsel. Han anka, men har ikkje nådd fram i lagmannsretten.

Sårbare og betydeleg yngre

Lagmannsretten sluttar seg til tingretten som i skjerpande retning har lagt vekt på at mannen utnytta to jenter som var sårbare og betydeleg yngre enn han sjølv.

Trass i at begge sa klart frå at dei ikkje ønskte seksuell kontakt, tok mannen seg til rette, manipulerte dei og dels pressa dei til seksuell omgang.

Mannen får strafferabatt for tilståing, men han har aldri erkjent valdtekt, ifølgje dommen.

Må betale erstatning

I tingretten blei mannen også dømd til å betale erstatning til dei to jentene. I lagmannsretten meinte han at erstatningssummane var for høge, men under ankeforhandlinga trekte han kravet om ny behandling av dette spørsmålet.

Erstatningssummane på høvesvis 125.000 kroner og 75.000 kroner blir difor ståande.