Ifølgje dommen frå Fjordane tingrett blei motorsyklisten frå Vågsøy teken i ein stasjonær fartskontroll  på riksveg 15 i Markane i Stryn ein laurdag formiddag i sommar.

Mannen i 30-åra har tilstått forholdet, noko tingretten vurderer som formildande. I skjerpande retning har dei trekt inn at skiltet på motorsykkelen var bretta, slik at det var vanskeleg å lese.

Fjordane tingrett har dømt mannen til 18 dagar fengsel. Han er også frådømd førarkortet i 13 månader og må ta full ny førarprøve for å få det igjen.