Dette seier brannvernsekspert Jan Erik Myklebust i Ørsta. Til dagleg driv han selskapet Myklebust Brannsikring as. I tillegg er han utrykkingsleiar i Ørsta brannvern.

Fann alternativet på nett

– Det slo meg at eg alt då hadde lese ei rekkje saker i riksmedia om brannar som har starta i elektriske ladarar for mobiltelefonar.

Brann I følgje statistikken opplever stadig fleire at det oppstår brann i samband med lading av mobiltelefonar. No kan det finnast brannsikre alternativ.

– Eg tok til å søkje meg fram på nettet, i trua på at det måtte finnast meir branntrygge alternativ, fortel Myklebust. Han fann dette alternativet nokså raskt, og tilfellet ville at han i same slengen skulle få det norske agenturet på denne spesielle mobilladaren.

– Vi driv eigentleg ikkje butikk i den forstand, men er i bedriftslokala våre om ettermiddagane når vi skriv ut rapportar frå dagens brannsikringsarbeid.

– Etter kort tid og med minimal annonsering opplevde vi sterk etterspurnad etter desse ladarane. Så sterk at vi vart utselde på kort tid, fortel Myklebust.

Mener politiet sier lite på Twitter: – Politiet kan fort ta ei redaktørrolle

Over tusen ut

No har han fått etterfylt lageret opptil fleire gonger i veka. Over tusen slike mobilladarar er selde på berre få veker.

– Greia med denne ladaren er at han er produsert i materiale som ikkje kan ta fyr. Vidare er han konstruert slik at han kortsluttar og koplar ut dersom det oppstår farlege feil på det som skal laddast. – Dermed er han bortimot hundre prosent brannsikker. Det er kjekt å oppleve at så mange legg vekt på å sikre seg eit branntrygt alternativ, på den eine dingsen som omtrent alle brukar og ladar opp kvar dag, seier Myklebust.

Farleg om natta

Positiv – Eg har lyst til å prøve ut den nye mobilladaren sjølv. For oss i forsikringsbransjen er det alltid interessant med utstyr som minskar brannrisiko, seier Fred Hansen i Møretrygd.

Avdelingsleiar Fred Hansen i det lokale forsikringsselskapet Møretrygd seier seg både spent og positiv til den brannsikre ladaren. – Det er ei kjensgjerning at ein svært stor prosent av befolkninga i Norge ladar mobilen sin om natta. Dette er også tida då det er både vanskelegast å oppdage – og farlegast – med ein brann.

– Eg vonar ladaren held det han lovar, og i så fall vert ein bestseljar vidare, seier Hansen.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no