Grunna eit usikkert lågtrykk åtvarar politet i Sogn og Fjordane mot uvêret Urd.

- Unngå å legge ut på reise, og hald dykk om mogleg inne mens uvêret pågår, skriv politiet på Twitter (ekstern lenke).

Sjølv om ein i Nordvest ser ut til å gå klar av uvêret, vert det ille nok for naboane lengre sørvest:

- Førebu deg på å msite straum og telefonnett. Det kan vere greitt å vite kvar ein har lommelykta, rår fylkesberedskapssjefen i Sogn og Fjordane i avisa Firda.

Vegtrafikksentralen Vest oppfordrar til å la bilen stå 2. juledag. Fleire fjellovergongar i sørvest er stengd.

Storm på Sunnmøre

Vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet fortel at det først og fremst er Hordaland og Rogaland som får kjenne på kreftene til Urd. Det er likevel merkbarn i nordvest.

- Måndag vil stormsenteret treffe kysten av Møre og Romsdal, og det vil bli sørvest liten til sterk storm, fortel meteorolog Reidun Holmøy.

Politiet i Sogn og Fjordane ber folk om å sikre lause gjenstandar, rydde hagane og forhindre at vinden får ta tak i små delar/ting.

- Desse kan bli farlege om vinden får tak i dei, åtvarar politiet.

På Vestlandet sør for Stad vil vêret måndag ettermiddag og kveld auke til vestleg full og periodevis sterk storm med vindkast på 35 til 45 meter i sekundet innover land.

Østafjells er det mandag kveld og natt til tysdag venta kraftig vind frå vest eller nordvest med vindkast mellom 25 og 35 meter i sekundet.

- Meir enn ein vinterstorm

- Møre og Romsdal vil ikkje få dette ekstremværet, men det blir nok mer enn ein vanlig vinterstorm, seier Holmøy.

Utover dagen vil det kome eit lågtrykk inn mot kysten, og vinden vil bli svakare.

- Lågtrykket gjer at det vil bli sørøstlig stiv kuling og deretter nordvestleg stiv kuling på kysten, med mulegheiter for liten storm, seier meteorologen.