Naudetatane rykka måndag føremiddag ut til eit trafikkuhell ved Hovdebygda.

Det viste seg å vere ein rusa mann som køyrde i grøfta. Han vart ikkje skadd, men fekk førarkortet kverrsett. Sak er oppretta, melder politiet på Twitter.