Tal formidla av Landsforeningen for nyresyke og transplanterte (LNT) viser at det per 1. oktober var utført 78 organdonasjonar i Norge – mot 87 i tilsvarande periode i 2013. Prosenten hittil i år av pårørande som seier nei til donasjon, er på 33 prosent, mot 26 prosent i heile 2015 og 28 prosent i heile 2014.

Lang venteliste

I oktober var det nesten ikkje donasjonar, og den negative utviklinga ser ut til å halde fram. Samtidig venta per 1. oktober i år 342 pasientar på ny nyre, 18 pasientar på ny lever, og 26 pasientar på bukspyttkjertel og bukspyttkjertel/nyre.

Transplantasjonskoordinator ved OUS Rikshospitalet, Per Arne Bakkan, sa til NRK tidleg i november at ein er redd for at den auka nei-delen kan ha samanheng med den nye transplantasjonslova.

1. januar i år kom ei ny lov for transplantasjon som seier at det er avdøde sin vilje som skal gjelde. Når ein ikkje kjenner denne, så er det dei pårørande som har siste ord. Helsepersonell er pålagt å informere dei pårørande om at dei har rett til å seie nei. Dessutan er det nok at ein av dei pårørande seier nei for at det skal verte avslag.

Med hensikt

– Det er viktig med samtykke frå pårørande, men samtidig må det spørjast med hensikt å oppnå eit ja, dersom fleire skal få tilbod om ein livreddande transplantasjon. LNT meiner at Stortinget må ta initiativ til å få ei vurdering av den nye lova, seier Petter Sverre Korsedal, som er studieleiar i LNT Møre og Romsdal.

LNT meiner det må utarbeidast ein nasjonal handlingsplan for organdonasjon, med tydeleg ansvar og oppfølging av sjukehusa som er godkjende for organdonasjon. Finland har nyleg fått på plass ein slik handlingsplan med stor suksess.