Dette betyr mellom anna at charterturistar som har vore på ferie må finne seg overnatting på nordsida av fjorden. Men dette er berre ein konsekvens av at ferjene sluttar å gå tidleg på enkelte heilagdagar.

Ifølgje ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug, er det verre for folk som blir skrivne ut av sjukehus på ein dag som dette - eller folk som arbeidar på andre sida av fjorden.

I går sa seksjonsleiar for driftsseksjonen i samferdselavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune, Stig Helle-Tautra, at dei ikkje hadde vore nokon stor diskusjon om ruteavgangane.

Møte

Det er ikkje Drotninghaug einig med Helle-Tautra i. Han seier at dei i lang tid har arbeida for at denne situasjonen ikkje skulle skje.

– Dette tok vi opp i eit møte med fylkeskommunen og Statens vegvesen allereie i april, at vi ikkje er fornøgd med ferjetilbodet i jul- og nyttårshelgene. Vi opplevde det som eit positivt møte. Vi tenkte at sidan vi var tidleg ute, så var det mogleg å få endra rutene, men etter kvart har det tatt lengre og lengre tid mellom kvar gong vi fekk svar på e-postane vi har sendt, seier Drotninghaug.

Busetting

Drotninghaug seier at folk har andre forventningar til kommunikasjonen enn dei hadde for tjue år sidan. Og at konsekvensane på lang sikt kan bli at folk vel å busette seg på andre sida av fjorden.

– Folk var ikkje så mobile for tjue år sidan. Til dømes er det mange som arbeider på sjukehuset i Ålesund, ein av dei største arbeidsplassane i Ålesund. Dei kjem seg ikkje heim ifrå arbeid i dag. Det er overhovudet ikkje godt nok. Dette er eit samband med eit par tusan bilar i døgnet, seier Drotninghaug.

– Kva hadde vore eit godt nok tilbod?

– Eit godt tilbod hadde vore om det gjekk ei ferje i timen eller annan kvar time. Då hadde folk visst at dei kunne kome seg heim igjen og dei kunne planlegge deretter.