– Kanskje ikkje så rart at Børning 2 trakk mest folk, fordi opningsscena i filmen er spelt inn i Fosnavåg, og mange personar frå lokalmiljøet er med, meiner kinosjef Bjørn Holum.

Besøkstal frå 2016 viser at bilfilmen trakk 2644 til kinosalen i Fosnavåg, og slo dermed ein annan norsk film, Kongens nei, som hadde eit besøk på 1724.

Milepæl

I løpet av dei tre åra som har gått sidan den nye kinosalen i Fosnavåg konserthus vart tatt i bruk, er kinobesøket meir enn dobla.

– I 2014 var kinobesøket på 14.000, og i år passerte vi milepælen på 30.000. Det er eg godt nøgd med, seier Holum som miner at det skuldast at det i år vart laga filmar folk vil sjå, og at Fosnavåg kino har godt teknisk anlegg og god komfort å tilby publikum.

– Eg ser lyst på kinoåret 2017, for vi har allereie slått måltalet vårt for det komande året, og mange gode filmar er på veg til Fosnavåg, seier kinosjefen som mellom anna siktar til filmen om Marcus & Martinus, og «Kings Bay»