Måndag kom vinteren til Sunnmøre.

Det har skapt fleire problem for passasjerar på Hovden flyplass Ørsta/Volda.

Eit Oslo-fly som skulle ha gått klokka 9.25, blei til slutt innstilt og passasjerane blir ombooka.

Flyet som skulle gå til Oslo klokka 10.35 blei forseinka, men klokka 11.57 gjekk flyet, ifølgje Avinor og Widerøe.

Dårleg sikt

Widerøe opplyste til Smp.no at det var snø på rullebana som gjorde at flya ikkje fekk landa.

Dette ønskjer lufthamnsjef Sverre Bae å korrigere.

– Det er sikten som gjer at flya ikkje har kunna lande. Flya har hatt klar landingsbane heile tida. Vi gjer jobben vår og klarer å halde rullebana ope, seier Bae til Smp.no.

Siste status frå tårnet på Hovden er at det i tolvtida var god nok sikt til at eit fly klarte å lette.

– Vi håper at det skal gi seg, men det er jo nordvesten som står innover her, seier Bae.

Ut og reise? Her får du rutar og vegmeldingar

Måtte lande i Ålesund i staden

Eit fly frå Oslo som skulle lande på Hovden mandag morgon fekk ikkje landa på grunn av snøfallet.

– Flyet var ein time ekstra i lufta i håp om at ein skulle få til å lande, men til slutt måtte vi sende flyet til Ålesund i staden, seier informasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til Smp.no.

På Vigra går flytrafikken som normalt.

Roleg på vegen

Biltrafikken derimot ser ut til å gå som normalt. I alle fall har det ikkje vore nokon telefonstorm frå Sunnmøre til Statens vegvesen.

– Det er stille og roleg på Sunnmøre, seier trafikkoperator Runar Kvalshaug til Smp.no.

– Einaste melding vi har fått er eit vogntog som står med eit hjul i grøfta på fylkesveg 650 mellom Stordal og Liabygda. Her er det mogleg å passere.