Dermed har prosjektet dårleg tid, og kommunen må forplikte seg.

Dette går fram av eit referat frå eit møte mellom Høgskulen, Volda kommune og Statsbygg rett før jul. Planen er at kommunen skal få kulturbygg og kinosal i det nye bygget. På møtet gjorde utbyggar, som er Statsbygg, det klart at kommunen snarast må forplikte seg til å betale leigeinntekter.

– Dette er grunnlag for heile prosjektet. HVO og Volda kommune bør alt no inngå ein forpliktande avtale med sikkerheit for finansiering, står det i referatet. På møtet var det og semje om at arbeidet med å få ny idrettshall i nærleiken ikkje påverkar planane og behovet for nytt mediebygg.