Fylkesvegen i Norangsdalen er stengt, melder Statens vegvesen tysdag føremiddag.

Stenginga, som gjeld inntil vidare og skuldast dårleg vêr, gjeld for strekninga Leknes - Tryggestad.

Klokka 9.30 onsdag er vegen framleis stengd inntil vidare, ifølgje Statens vegvesen.

Tysdag sende Meteorologisk institutt ut OBS-varsel for Sunnmøre. OBS-varselet gjeld framleis utover onsdag, men det er venta lettare vêr frå onsdag føremiddag.

Frå tysdag ettermiddag og fram til onsdag føremiddag er sterk vind og snøfokk vidare venta å gje lokalt vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge.