Riksveg 15 i Stryn er stengd fordi eit vogntog har køyrd inn i autovernet.

– Vogntog køyrde inn i autovernet og blei kasta tilbake i vegen. Førar har smerte i kroppen, melde politiet i Sogn og Fjordane tirsdag klokka 15.05.

Det meldast også om glatt vegbane.

Også Hjelletunnelen blir stengd for å hindre at bilar blir ståande i tunnelen på grunn av trafikkuhellet, melder vegvesenet.

Innstilt ferje

Tirsdag har uvêret på Vestlandet ført til mange problem, spesielt i Sogn og Fjordane.

Mellom anna er ferjesambandet Anda-Lote innstilt, det same er hurtigbåten mellom Bergen og Nordfjord. Også Hareidruta mellom Ålesund, Hareid og Valderøy er innstilt tirsdag.

Hurtigbåten "Godøy" går i vanleg rute igjen frå klokka 20.25.

Det er også kolonnekøyring over Vikafjellet og Hol-Aurland i Sogn og fjordane.

– Flaks og ørsmå marginar gjorde at eit vogntog ikkje køyrde i elva då føraren mista kontrollen på slapseføret på rv 15 i Oppstryn tysdag ettermiddag. Få hundre meter etter Hjelletunnelen, i ei høgrekurve, skar vogntoget over i motsett køyrefelt køyrde rett i autovernet i krysset mot Erdal. Autovernet på brua over elva ligg flatt og delvis nede i elva, og viser at det berre var små marginar frå at vogntoget hadde gått i elva, skriv lokalavisa Fjordingen.

Klokka 18.13 melder politiet at vegen er opna.

– Det vil bli omlasting og berging i løpet av kvelden.

Foto: BENGT FLATEN/FJORDINGEN