Det var kravet frå fleire av representantane i formannskapet, då dei i kveld drøfta ordføraren sin situasjon.

Ordførar Karen Simonnes Aanes har hatt korte sjukemeldingar over lengre tid, og etter mange si meining blir viktige saker for kommunen forsømt.

Formannskapet var innkalla for å finne løysingar som kan avlaste ordføraren.

– Eg trur at arbeidsfordelinga skal gå greit, seier ein noko pressa ordførar Karen Simonnes Aanes (Ap) til smp.no etter formannskapsmøtet.

Ho er halvt sjukemeldt til utgangen av januar, men i ein periode seint i haust var ho heilt sjukemeldt. I denne perioden steppa varaordfører Geir Peter Aure frå Felleslista, (KrF/V) inn, slik han har gjort tidlegare i valperioden medan ordføraren har vore sjukemeldt i kortare eller lengre periodar.

I formannskapet i kveld uttrykte varaordføraren at han ikkje kunne skjøtte denne oppgåva godt nok fordi han mangla den naudsynte bakgrunnsinformasjon. I formannskapsmøtet kom det fram at det er stor utålmodighet blant flere av representantene over saker som blir forsømt.

Geir Peter Aure seier til smp.no at han forstår at situasjonen har vore vanskeleg for ordføreren, men at det er heilt naudsynt at han blir informert om dei oppgåvene han skal ta over som varaordførar. Samstundes kan han på grunn av jobben sin ikkje gå inn på heiltid når ordføraren er borte.

På formannskapsmøtet vart det mellom anna nevnt at kommunen fleire gongar ikkje har vore representert i styringsgruppa for kommunesamanslåinga, men også viktige møter i interkommunale selskap, regulering og samferdselsspørsmål har ikkje den framdrifta dei forventar.

Aure seier til smp.no at han forventar at ordføraren i tida ho er halvt sjukemeldt informerer og delegerer saker slik at dei kan få ei rimeleg arbeidsfordeling.