Rebekka Skylstad (23) har utvikla seg til å verte hotellvertskap på sin hals. Den unge blondina som vaks opp på grannegarden til rikskjendisen Marie Skylstad Takvam, har teke store steg mot eit framtidig liv i hotellbransjen. Og ho går frimodig rett imot straumen – i stridaste sentraliseringselva.

– Ja, vi har hatt ein fantastisk sesong her på Union Øye. Endå ein sesong – der eg har gått til jobben med iver og glede kvar einaste dag, smiler forteljartausa i karakteristisk grøn kjole. Serveringskvinnene her ved sjølvaste spøkjelseshotellet si eiga stasdrakt. Skreddarsydd for framføring av spøkjelseshistorier.

Servere seg sjølv

Med sitt smilande bygdenaturlege og vinnande vesen gjer denne unge kvinna inntrykk på tilreisande gjester frå alle verdshjørne. Folk som ikkje kjem berre for ei vanleg hotellovernatting, men som har lese seg opp på spøkjelsesaspekta som alltid har fylgd dette segnomspunne hotellet inst ved Norangsfjorden. Union Øye fylte 150 år i 2016!

– Attåt det som handlar om standardforteljingane våre har eg lært at det er viktig å gje noko av seg sjølv også, av si eiga personlege historie om oppveksten her i denne spesielle bygda. Eg merkar godt at det går inn hos folk, ikkje minst internasjonalt, fortel Rebekka.

Lekser på hotellet

Historia hennar handlar mellom anna om å vere den siste nyfødingen på heile sju år i bygda. I 1993. Og at ho dermed lenge var yngst av alle i skulestova, før heile skulen vart lagt ned og elevane måtte til Sæbø. Kven skulle jenta med to eldre brør no leike med?

– Mor mi jobba på hotellet, som mange andre kvinner i bygda. Dermed kjende også eg tidleg dragninga mot denne eventyrprega bygningen nedst i bygda vår. Heile stemninga og miljøet som følgde hotellet, hugsar Rebekka. Ho starta mange ettermiddagar med å reise rett frå skulen og til hotellet. Der fann ho plass til å gjere lekser. Ikkje minst fann ho det både trygt og spennande å vere midt i dette miljøet – der mora var ei av servitrisene. Hotellet vart på ein måte bestekameraten til jenta.

– Det kan kjennast litt flaut å seie det no – men lenge var min største livsdraum å kunne bli ei slik serveringsdame ved hotellet, smiler Rebekka Skylstad. Vel vitande om at det er nettopp det ho har vorte – ei serveringsdame. Men likevel, fullt fagutdanna etter tre års studiar i Stavanger.

Kontrast bygd by

– Korleis fann du ut at du ville dette?

– Eg gjekk vidaregåande i Volda, og måtte ta eit val. Eg brukte ikkje veldig lang tid på å finne ut kva eg ville søkje meg inn på, fortel Rebekka.

– Og korleis var det å kome ut av bygda?

– Også det opplevde eg som fantastisk. Eg fekk fort mange nye perspektiv, nye vener, nye idear – og ny lyst til å gå vidare i denne bransjen.

– Ikkje minst vart eg inspirert av å bu midt i ein større by, oljebyen Stavanger. Det vart ein viss kontrast til Øye og gardane på Skylstad, fremst fram mot ville Norangdalen, konstaterer Rebekka. Ho har til fulle lært seg denne greia med å vere totalt ekstrovert, utovervend, på jobben. Å smile og spele på den nødvendige sjarme. Bygdesjarmen som effektivt senkar internasjonale turistar langt ned i spøkjelsesfrakturane på Øye.

Fleksibel

Sunnmørsposten får audiens ein fredagskveld, i den siste og travlegaste julebordshelga i 2016. Rebekka måtte sjonglere og byte frå seg ei fjerdedels vakt, for å få tid til ein høveleg lang/kort intervjusamtale.

– I denne gjengen er det lett som ingenting å få bytta ei vakt. Det er slik det er. Det er slik vi er. Kameratskapen og samhaldet står svært høgt, erfarer Rebekka.

Ho har jobba ved hotellet sidan ho var stor nok til å kunne ta seg arbeid lovleg, kanskje litt før også ... Først som kjøkkenassistent. Så bytte ho ut kjøkkenkvit kjole med grøn.

– Det er viktig å vere fleksibel i alle fasar i ein slik jobb. Kontakten med nettopp kjøkkenet er til dømes kjempenær og livsviktig for resultatet, får vi vite. Men også kontakten oppover.

Sjef og storesøster

– Mariann Øye-Mork har vore direktør her i fleire år. Søstera Kathrine er også sentral i drifta. Eg har vakse opp med begge og ser på dei som nære veninner, sjølv om dei er tre- og seks år eldre enn meg.

– Greier du likevel å sjå på Mariann som sjefen og direktøren som bestemmer alt over deg?

– Ja, det gjer eg lett! Først og fremst ser eg likevel på ho som ei storesøster. Ei som vil hotellet, dei tilsette og alle gjestene vel, og som eg difor respekterer mykje.

– Men, jobb er jobb. Og får eg ein ordre ovanfrå – så skal det mykje til at eg ikkje vil lyde han, smiler Rebekka Skylstad.

Vinterdvalen

No er det januarvinter og eit nedsløkt Union Øye. Dvaletida er eit faktum og dei tilsette må kople seg frå dagleg drift ei tid.

– Kva har du tenkt å finne på?

– Før har eg reist. Som ryggsekkturist til fjerne himmelstrok. I fjor heile fire månader, til motsett side av kloden. – Der har eg funne avkopling, spenning og ny inspirasjon, fortel Rebekka. I år veit ho ikkje om ho vil ta seg råd til slik luksus.

– Neeei, eg trur eg bør jobbe ein god del denne vinteren. Eg har ikkje rukke å sjå meg ut noko, og har dermed heller ikkje søkt på jobbar enno. Men eg kunne godt tenkje meg ein eller annan hotelljobb her heime på Sunnmøre i vinter, varslar Rebekka, og nærast viftar i lufta med sin fiktive jobbsøknad ...

– Kva kunne du tenkje deg då?

– Nesten kva som helst, berre det er ein seriøs stad som har identitet og vil noko. Får eg ikkje jobb, så reiser eg ut att og ventar på våren, drøymer ho.

Må dempe spøkjelsa

– Når du skal forføre busslastar av turistar med spøkjelseshistoirer, må du då tru på historiene sjølv for å få det til?

– He-he, kanskje ikkje alt! Men eg føler eg har vorte nokså god på å formidle dei historiene vi har. Av og til så god at eg kjenner eg må halde att litt. Såpass at ikkje gjester vert søvnlause, eller i verste fall rømmer frå oss første kvelden, analyserer ho nøkternt.

– Kva trur du sjølv då..?

– Trur? Eg veit her finst ein del merkelege og uforklarlege ting ved dette hotellet!

– Som til dømes det eine av tre levande lys i glaskolbar som flyttar på seg. Fullstendig utan forklaring og logikk!

– Så, du trur på overnaturlege ting?

– Nei, eg føler vel ikkje eg er akkurat der ... Eg trur heller ikkje at det som skjer her er så veldig overnaturleg, heller naturleg i samanhengen, ler Rebekka lurt.

Som likevel vedgår at ho ved fleire høve har drege historiene sine såpass langt at ho har vorte mørkredd sjølv.

Mørke korridorar

– Ehem, litt småredd ja! Men eg er ikkje redd for å vedgå at eg mange gonger åleine har hasta svært så raskt gjennom halvmørke korridorar, medan eg har kasta raske blikk kring alle hjørne. Slik er det berre her på Union, serverer Rebekka Skylstad og smiler hjarteleg og kritkvitt. Igjen. Så syner ho oss Det blå rommet i andre høgda, rommet der den ulukkelege gjengangaren Linda skal ha budd og hatt ulækjeleg kjærleiksverk i barmen. Men Rebekka tek likså godt sin eigen variant, og spelar eit smilande spøkjelse – her ved henfarne Linda si himmelseng.

– Slik kan ein vel også fortelje historia? undrar Rebekka.

– Kjem du til å vende heim for godt ein dag?

– Om eg blir fastbuande på Øye kan eg ikkje garantere. Men at eg vert det her i distriktet er sikkert.