Hansen (43) er busett på Ellingsøy og har arbeidd i avisa sidan 2014, det melder Øy-Blikk i ei pressemelding. Den nye redaktøren er opphavleg frå Skien og har jobba i mediebransjen i 20 år, han flytta til Sunnmøre i 1998. Ham har mellom anna jobba som frilansar på sport, også i Sunnmørsposten.

Rolf Hansen er fersk redaktør i Øy-Blikk. Foto: Øy-Blikk

- Vi skal engasjere, orientere, informere og underhalde lesarane med alt frå lokale til ultralokale nyhende. For vår del vil dei kvardagslege forteljingane vere like viktige å formidle som dei tunge og alvorlige nyheitssakene. For oss som ein liten lokalavis er samspelet med lesarane, innbyggarane og næringslivet i kommunen svært viktig, seier den ferske redaktøren i pressemeldinga.

Var redaktør i Øy-Blikk: Røsvik blir redaktør på Svalbard

God utvikling

Hansen meiner Øy-Blikk har hatt ein god utvikling dei siste åra, som han ønsker å byggje vidare på.

- Etter knappe to år i avisa, så føler eg vi gradvis har tatt steg i den retninga eg sjølv ønsker avisa skal halde fram. Eg vil at Øy-Blikk skal engasjere, samt formidle dei gode fortellingane og levere usminka aktualitetssaker. Der trur og håper eg lesarane vil merke ein forskjell, seier han.

Betre for Øy-Blikk etter konkurs

Samstundes går Odd Egil Valderhaug av som redaktør, han vil halde fram som arbeidande styreformann i Øy-Blikk. Valderhaug kjøpte avisa då den gjekk konkurs i 2013 og står framleis som eigar av avisselskapet Øy-Blikk AS.