– Eller du kan seie at kultur skal vere det same som kristendomen er for KrF, eller bonden for Sp. Eg vil starte eit parti der kultur ligg i botn, seier Ronnie Mag Larsen.

Som musikar, forfattar og lærar på folkehøgskule er det kanskje ikkje overraskande at han meiner kultur er viktig. Men Ronnie legg meir enn musikk og bøker i kulturforståinga si.

– Målet er å gjere eit Norge i forandring til eit meir inkluderande samfunn der kvart enkelt individ finn sin plass og kjenner seg verdsett. Enkeltmenneske må byggast, ikkje brytast ned, seier Ronnie.

Sjølvtillit

I tillegg til at han meiner at fokus på kultur vil gjere Norge til eit meir inkluderande samfunn, meiner han òg at kultur kan skape pengar for nasjonen.

– Vi har vore bortskjemde med olja, men når olja er vekke må vi finne andre måtar å skape pengar på. Nei, eg trur ikkje at kultur nokon gong vil kunne skape like store økonomiske verdiar som olja har gjort, men kultur kan absolutt skape økonomiske verdiar. Og, ikkje minst, skape sjølvtillit og kreativitet i enkeltindividet. Det er verdiar som kan skape ei god framtid.

Radert ut

Han meiner at vi no er i ferd med å miste mykje av mangfaldet i det kulturelle Norge.

– Media skriv ikkje lenger om bøker utan at dei allereie er populære og med DAB blir det mindre norsk musikk på radio. Men det vi treng er ikkje å bli tilfredsstilt med noko vi allereie kjenner til, noko som allereie er populært, det vi treng er å få kjennskap til nye stemmer, nye uttrykk, seier Ronnie, og legg til:

– Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken er i ferd med å bli radert ut. Men for ho som sit skral på sjukeheimen betyr bensinprisen lite, mens Den kulturelle spaserstokken kan vere det eine som skapar lys i tilværet.

Sånn eigentleg

Det var nettopp nokre tankar Ronnie gjorde seg om bensinprisar som har ført til lysta om å starte nytt parti.

– Før jul stod eg ei stund og venta på ein bensinstasjon. Eg skulle bli henta der og hadde litt tid til å sjå meg rundt. På avisene ved sida av meg var forsidene fulle av saker heilt utan meining, og eg tenkte: Kva om olja tok slutt i dag, kva skulle vi leve av? Eg meiner det er på tide å tenke framover, utan å telje kroner og øyrer ved ei bensinpumpe. Kor mykje betyr den bensinprisen, sånn eigentleg, spør Ronnie retorisk.

Utfordre frykta

Ein laus tanke før jul blei til ein Facebookstatus 3. januar, der Ronnie lufta ideen. Engasjementet blei stort og mange heia på ideen. Fredag kveld la Ronnie ut ein ny Facebookstatus der han delte lenka til ei nettside for Kulturpartiet. Enn så lenge er den ganske tom for informasjon.

– No er det viktigaste å få tak i folk som tenkjer at dette er ein kjempebra idé. Dei eksakte formuleringane rundt kva partiet skal stå for må kome seinare. I botn må ein ha ønsket om å gjere eit Norge i forandring til eit meir inkluderande samfunn, for alle. Eit samfunn der vi blir kjende med folk og utfordrar frykta.

Ingen spøk

For Ronnie er seriøs med ideen, dette er ikkje meint som ein spøk.

– Eg ønskjer seriøst at nokon skal ta dette vidare, og eg vil vere ein del av det.

Det første Ronnie treng no er 5.000 underskrifter.

– Det er det vi treng for å kunne registrere partiet i Brønnøysundsregisteret og stille til Stortingsval. Vi er allereie for seine til å stille i år, men siktar fire år fram. Alle som vil bli med er velkomne.