Utsegna kom i ei pressemelding frå Fiskeridepartementet der utgangspunktet var at talet på fiskarar auka i fjor, for første gong på mange år.

–Det er veldig gode nyheiter for Norge for dette er ei næring med stort framtidspotensial. Det er ikkje lenger flaut å være fiskar, uttalte fiskeriminister Per Sandberg.

Men dette har ikkje falle i god jord i fiskerimiljøet på Sunnmøre.

Flau bris på Facebook

«Det har aldri vore flaut å vere fiskar! Eit stolt yrke for tøffe folk.» Dette er berre ein av mange kommentarar på Faceboook.

Fiskebåtreiar Henning Veibust frå Ålesund er ein annan som reagerer.

–Eg for min del har aldri opplevd at det har vore flaut å vere fiskar. Dette er noko av det dummaste eg har sett på trykk, seier Veibust.

–Men det er vel godt meint?

–For meg er det berre dumt, og eg veit det er mange andre som har reagert også.

Sandberg svarer

På bakgrunn av reaksjonane har Sunnmørsposten stilt følgande spørsmål til fiskeriminister Per Sandberg: Har det vore flaut å vere fiskar?, eventuelt: Er det først no at det ikkje lenger er flaut?

Via informasjonsavdelinga i departementet svarer Sandberg:

–Han naboen min, han som bor sju mil unna, sa nyleg i et intervju med Nordlys: "Det er ikke mange år siden man skjemtes av å vere fisker i middagsselskap. Nå kan vi gå med løftet hode, å si med høy røst, og brystkassen frem, at man er fisker".

–Poenget mitt er kort og godt at eg meiner fiskaryrket har fått auka status dei seinare åra. Det trur eg mange fiskarar, og andre, er einig med meg i, uttaler Sandberg.

Ikkje nøgd

Fiskebåtreiar Henning Veibust er ikkje nøgd med svaret.

–Det er greitt at naboen hans meiner det har vore flaut å vere fiskar, men det er ikkje greitt at fiskeriministeren meiner det. Dette bør ikkje bli ståandes. No får tida står folk i kø for å bli fiskarar. Eg vert nedringt kvar dag, seier Henning Veibust.