– Saka er delt nesten 1.000 gongar frå min profil. I tillegg har andre delt den frå sine sider, slik at den ikkje lenger er under min kontroll. Eg har fått meldingar frå ei rekkje folk eg kjenner - og i tillegg frå mange eg ikkje veit kven er. Folk som takkar for at eg har gitt dette ei stemme. Folk som fordi dei har teieplikt ikkje sjølv har kunne kome med konkrete ekseplar på hendingar dei har opplevd.

Det seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, til dagleg dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, men i denne samanhengen først og fremst mamma. Nyttårsaftan, med situasjonen avklåra, la ho ut eit varsku frå barneavdelinga ved sjukehuset i Ålesund om å ikkje røre sjukehusa, konkret knytt til akuttberedskapen ved Volda sjukehus, men også til ei barneavdeling i Ålesund med alle funksjonar.

– Det er vår tryggleik. Det er liv og helse. Det er mitt einaste nyttårsønske, heitte det.

Fekk pustevanskar

Til grunn for meldinga ligg følgjande historie:

– Natt til vesle nyttårsaftan fekk jenta vår på fem år pusteproblem. Vi drog på legevakta i Volda - og, utan å gå i detalj var det også oppdaga andre ting som gjorde at ho måtte leggast inn straks på barneavdelinga ved sjukehuset i Ålesund, fortel Audhild.

Ho er gift med Tormod Utne - no høgskulelektor i Volda, men også han i mange år medieprofil.

– Luftambulanse - helikopter, vart rekvirert, men i det dårlege vêret kunne det ikkje lande. Medan vi difor vart send med ambulanse i retning Ålesund, vart mannskapet i helikopteret frakta i ein annan sjukebil, slik at vi mellom anna møtte anestesilegen, på Rjånes.

Trebarnsmora fortel at tankane undervegs i sjukebilen stadig pensa inn på kva som ville skje dersom ferja i sambandet Festøya - Solavågen ikkje kunne leggje til.

– No veit eg at dei til dømes hadde vanskar dagen etter, slik at denne redsla for at vi ikkje skulle kome fram, den var så til dei grader reell. Ikkje berre for meg, men også som eit stressmoment for dei fantastisk flinke folka i sjukebilen.

Helikopterstatistikk fra 2015: 13 av 100 helikopter-oppdrag blir avbrutt eller avvist i Ålesund

Føre var

Det som hadde skjedd, dersom dei ikkje kom seg over fjorden med ferja denne natta, hadde vore at dei ville ha returnert til sjukehuset i Volda.

– Volda har jo akuttberedskap - noko eg tidlegare har vore med på å gå i fakkeltog for, slik at ho kunne ha fått hjelp der. Det gjekk også bra med dotter vår - ho kunne skrivast ut 2. januar. Men, og det er det dette først og fremst handlar om: Det kjem nye rundar med utgreiingar kring akuttberedskapen. Og kva skjer då? Misser vi den? Det vil eg kjempe mot med alt eg har, og difor skreiv eg då også innlegget, seier Rotevatn.

– Det bor 20.000 menneske berre i Ørsta og Volda. I tillegg har du Hornindal, Ulstein... Mykje folk, som treng tryggleiken i å vite at dei kan få hjelp om dei treng det. «Det er berre 65 kilometer frå Volda til Ålesund» vil nokre kanskje påpeike. Men kva om det ikkje er akuttberedskap i Volda - og det faktisk går som eg frykta undervegs i ambulansen: At det ikkje berre er helikopteret som ikkje kan lande, men at ferja heller ikkje kjem seg til land. Kva då, spør ho.

– I ettertid har eg snakka med fleire, mellom anna mi eiga mor som arbeidde på føden i 30 år. Dei fortel at det er heilt vanleg at helikopteret ikkje kan lande. Veit folk dette, tenkjer eg. Dei må vite! I tillegg til at vi som bur her treng tryggleiken i å vite at vi kan få hjelp her om vi blir akutt sjuke, treng dei som jobbar ved legevakt og sjukehus tryggleiken slik at dei kan konsentrere seg om den jobben dei skal gjere og ikkje bruke verdifull tid på å uroe seg over om ein kan stole på infrastrukturen, seier Rotevatn.

Avslutningsvis fortel ho at ho har blitt oppmoda om å sende innlegget til helseministeren.

– Det har eg ikkje gjort. Førebels.