– Det er på båtane under 11 meter det er enklast for nye unge fiskarar å etablere seg, det er også desse som no vert opna for strukurering. Natur og Ungdom meiner at opning for strukurering av båtane under 11 meter vil vere fatalt for nyetableringa av nye fiskarar, seier Vilde Gjerde Lied, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Fleire i fjor

I fjor auka talet på fiskarar i Norge.

– Det er kjempebra med auke på talet på fiskarar, men det er likevel viktig å sjå på kva som er årsaka, seier Vilde Gjerde Lied.

Ho viser til at dei nye fiskarane først og fremst har kome i sjarkflåten, det vil hovudsakleg seie båtar under 11 meter.

– Dersom ein ser på kva type båtar som har opplevd den største auka det siste året, er det på dei små båtane det har vore størst auke i talet på fiskarar. Dette er også dei båtane som ikkje har opplevd strukturering, seier Vilde Gjerde Lied.

Nei til samanslåing

I desember i fjor la Eidesenutvalet fram si innstilling til endringar i kvotesystemet for fiskarane.

Utvalet opnar dei for strukturering også av fiskebåtar under 11 meter.

–Tal frå Fiskeridirektoratet viser tydeleg at dei båtane som har vore utsatt for strukturering også er dei som har hatt nedgang i talet på fiskarar dei siste åra, seier Vilde Gjerde Lied i Natur og Ungdom.

Sentralstyremedlem Vilde Gjerde Lied