Rettssaka mot to utanlandske menn kjem opp i Søre Sunnmøre tingrett i neste veke.

– Dei er varetektsfengsla fordi det er grunn til å tru at dei kan forsvinne frå landet før straffesaka kjem opp, seier politiadvokat Lena Katrin Romestrand i Møre og Romsdal politidistrikt.

Frå Sør-Europa

Dei to mennene, som begge er rundt 30 år, kjem frå eit land sør i Europa.

Ifølgje Romestrand blei det i september gjennomført ransaking heime hos den eine av dei to tiltalte, etter mistanke om sal av narkotika i Ålesund. Under ransaking av bustaden fann politiet 237,38 gram kokain. Begge to er no tiltalt for oppbevaring av narkotika.

Den eine mannen blei ifølgje tiltalen også teken med 0,63 gram kokain i Ålesund dagen før beslaget i Ørsta. Han er også tiltalt for å ha selt kokain i Ålesund.

Kjøparar er ikkje namngitt i tiltalen.

Falskt pass og førarkort

Same mannen er dessutan tiltalt for å ha vist fram eit forfalska pass til politiet i Ålesund. Ved eit anna høve skal han ha vist fram eit forfalska førarkort. Begge dokumenta viste ein annan identitet.

I retten vil det bli lagt ned påstand om inndraging av 23.100 kroner som politiet meiner er utbytte frå ei straffbar handling.

Romestrand seier at kokain nok ikkje er det mest vanlege narkotiske stoffet på Sunnmøre, men ho kan ikkje seie noko om kor utbreidd det er.

Strafferamme inntil ti år

Det er sett av to dagar til hovudforhandling i Søre Sunnmøre tingrett.

– Det er ikkje så omfattande sak, men det er to tiltalte og bruk av tolk. Då vil det ta lenger tid enn det vanlegvis gjer, seier Romestrand om grunnen til at det er sett av to dagar til behandling av saka.

Grove narkotikabrotsverk har ei strafferamme på fengsel i  inntil ti år. I rettspraksis vil straffenivået for oppbevaring av 200 gram kokain ligge på om lag eitt år og seks månader fengsel, før vurderingar i den enkelte saka, ifølgje Romestrand.

Nektar for oppbevaring

Advokat Stein Erik Ottesen forsvarer mannen som er tiltalt for fleire forhold. Mannen erkjenner skuld for det Ottesen kallar småpunkt i tiltalen og som handlar om dokumentfalsk.

– Men han erkjenner ikkje straffskuld for narkotikaen. Det var ein annan person som disponerte rommet der stoffet blei funne og som var i rommet då det skjedde, seier Ottesen.

Forsvarar for den andre tiltalte er advokatfullmektig Martin Dyb i advokatfirmaet Judicia.

– Min klient erkjenner heller ikkje straffskuld, seier Dyb som ikkje ønskjer å gå inn på detaljar i saka.