– Folk seier det er dårlege tider, men det har ikkje eg merka noko til, seier hyttefeltutbyggjar Otto Vik til næringslivsavisa Nett.no.

Mange av tomtene blir selde som ei pakke, der Vik sitt selskap Stryn Trelast også byggjer hyttene.

Ved starten av 2017 er utsiktene lyse. No er Vik i gang med å bygge ut felt to av Hydla-feltet, som er hans område, og har starta reguleringsarbeidet på felt tre. Til saman omfattar dei to felta 100 tomter, der 37 er selde.

I 2014 melde også Hornindal for alvor seg på kampen om hyttekjøparane på Nordvestlandet, legg nett.no til. Harevadet hyttefelt i Hornindal har hittil seld 49 av ca. 120 tomter, fortel Inge Olsen i Harevadet hyttefelt.