Berre Ålesund var verre enn Oslo i går - kvaliteten i sunnmørsbyen utgjorde ein alvorleg risiko, meldte NTB litt tidlegare i dag og viste til nettsida til Norsk institutt for luftforsking (NILU).

Men ved instituttet forstår dei ikkje NTB-meldinga, seier Christine Solbakken, kommunikasjonssjef,Norsk Institutt for Luftforskning til smp.no.

– Der har det nok skjedd en feil ein stad. Målingane frå Ålesund visersvevestøv under 20 mikrogram per kubikkmeter luft, alle dei siste 24timar. Verdien er akkurat no på grønt nivå, noko som inneber liten helserisiko.Utover i veka kjem det til å blåse opp i Ålesunds-området, og då vil svevestøvet også blåse vekk. Så de er trygge når det kjem til luftkvalitet, seier Solbakken.

Kritisk i Oslo

I Oslo er situasjonen ein annan.

– Vi reknar med at mange vil følgje nøye med på varselet for luftkvalitet utover dagen og i morgon. Vi er også veldig spent. Det vi håpar, er at varselet ikkje blir raudt i morgon, og at mange nok lar dieselbilen stå heime til at vi klarar å komme oss under den skadelege grensa. Då er det mange menneske som kjem til å få ein mykje betre dag, sa kommunikasjonssjef Christine Solbakken i NILU til NTB tidlegare i dag.