– Det viste seg å vere ein feil i ein transformator på nettet vårt. Denne feilen er retta, og skal ikkje skje igjen, iallfall ikkje på denne transformatoren.

Det seier Trond T. Lauritsen. adm.dir. i Sykkylven Energi.

– Nokon generell garanti om at det ikkje vil bli straumbrot igjen, kan vi sjølvsagd ikkje gje. Men Sykkylven Energi har iallfall færre straumbrot enn det som er gjennomsnittet, legg Lauritsen til.

Se også video-rapport fra skisøndagen på Ørskogfjellet: Kjempefine skiforhold - men når åpner trekket?

Vart ståande ein time

Driftsleiar Ole Robert Strømme ved Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter seier at straumbrota kom på verst tenkjeleg tidspunkt, på den største utfartsdagen så langt i år.

– Først gjekk straumen i 12-tida, og heisane vart ståande ein liten time. Så gjekk han igjen halv fire, og då var han vekke i ein halvtime, seier Strømme.

– Vil skianlegget krevje erstatning frå energiselskapet?

– Det har ikkje vore diskutert. Vi har hatt god hjelp av dei tidlegare, og vi vil helst ha eit godt forhold til dei også i framtida, seier driftsleiar Ole Robert Strømme.