Båten er tatt for ulovlig fangst av snøkrabbe, og er no på veg mot land for overlevering til politiet og vidare etterforsking, melder fiskebåt.no, som er nettstaden til Havfiskeflåtens organisasjon.

Utanlandske fartøy har ikkje lov til å drive slik fangst i Svalbardssona og på norsk sokkel i internasjonalt farvatn.

– Førebels er det ikkje tatt stilling til kvar båten skal takast til land. Det er dårleg ver i området, så det får vi ta stilling til etter kvart, seier Erling Øksenvåg, seksjonsleiar for ressurskontroll i Kystvakta, ifølgje ei pressemelding på nettstaden.

Administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, er glad for ei klar linje i slike saker. – Det er svært viktig at norske styresmakter handhevar Norge sin suverenitet i dette området. Vi er difor svært glade for at både fiskeriminister Per Sandberg og Kystvakta tar tak i dette, og at båt og utstyr no blir tatt til land og etterforska av politiet, seier Maråk.