Men det er fleire som dreg til den svenske hovudstaden den aktuelle veka i februar, mellom andre sykkylvsbedriftene Brunstad og LK Hjelle. Begge har nemleg funne ein vri:

– Vi prøvde å få oss betre plassering på Stockholmsmessa, men vann ikkje fram. Som ein liten protest har vi i staden leigd oss eit showrom i Stockholm sentrum denne veka, der vi viser fram møblar. Det seier marknadssjef Karl Inge Hole i Brunstad AS.

LK Hjelle

Dagleg leiar Dag Hjelle hos LK Hjelle skal også til Stockholm:

– Vi stiller mellom anna ut ein helt ny sofa, og det skjer i den norske ambassaden i Stockholm, seier Hjelle.

STØRST: Stockholm Furniture & Light Fair er den største møbel, essa i Norden, med over 700 utstillarar.

Under Stockholm Furniture & Light Fair i februar er nemleg eit utval av norske designarar, produsentar og kunsthandverkarar inviterte til å stille ut sine arbeid ved den norske ambassaden. LK Hjelle er ein av dei.

– At vi ikkje stiller ut på sjølve møbelmessa skuldast mellom anna at vi rett og slett har hatt det så travelt i det siste. Vi har bra auke i møbelsalet, ikkje minst til utlandet. Eksporten nærmar seg no 50 prosent. Og vi har tilsett 11 nye i året som gjekk, legg Dag Hjelle til.

SALSVINNAR: Siesta-stolen er blitt eit viktig eksportprodukt for LK Hjelle AS i Sykkylven. Frå venstre Elisabeth Hurlen og Dag Hjelle.

Dei var heller ikkje på messa i fjor, men Hjelle ser ikkje vekk ifrå at dei kan kome tilbake igjen ved eit seinare høve.

Fora Form

Ein som derimot er klar for Stockholmsmessa er salssjef Frode Sporsheim i Ørsta-bedrifta Fora Form. Dei blir ca. 20 personar i den svenske hovudstaden i løpet av messeveka.

– Vi har fått 125 kvadratmeter til rådvelde, og skal her mellom anna vise tre heilt nye produkt, fortel Sporsheim.

– Så messa er viktig, meiner du?

– Ja, dette er den viktigaste marknadsplassen for Fora Form ettersom vi satsar på å auke eksportdelen vår. På messa i Stockholm kan vi vere synlege for heile Skandinavia. Vi har delteke på messa dei ti siste åra. Å la vere har ikkje vore noko tema.

– Men det er ikkje billig?

– Nei, det er det slett ikkje. Men nokre stader må vi satse. Ein kan ikkje risikere å spare seg til fant, heller. Vi må ut for å treffe forhandlarar ansikt til ansikt. Det er den måten vi sel møblar på, meiner salssjef Frode Sporsheim i Fora Form.

Hovden Møbel

Også Hovden Møbel i Ørsta er tilbake på Stockholmsmessa i år, etter eit opphald i fjor.

TIL STOCKHOLM: Lisbeth Hovden Nilsen i Hovden Møbel AS i Ørsta er klar for Stockholmsmessa.

– Vi har ein del nyheiter som vi vil å vise fram. Det gjeld både sofa og sovesofa, seier dagleg leiar Lisbeth Hovden Nilsen.

Hovden har flytta produksjonen til utlandet, men har framleis hovudkontoret i Ørsta.

– Vi ser verdien av å vere i Stockholm, ikkje minst for å treffe svenske og norske kundar i kontraktsmarknaden.

Andre utstillarar frå Nordvestlandet i år er:

Helland Møbler, Stordal, Vad, Stordal, Kvadrat/Innvik, Stryn, Glamox, Molde, Fjordfiesta, Molde – og designaren Peter Opsvik, opphavleg frå Stranda.

Ekornes stiller aldri ut på messa. Dei har sitt eige opplegg på Brunholmen i Ålesund.