Det meiner professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug. Han vart overraska då han leste at Ålesund kommune allereie har flytta problemelevar frå skulen dei går på til eit spesialopplegg på tidlegare Ratvikåsen skule.

På spørsmål om dette er ei snikinnføring av «Løftet», svarar Haug:

– Innanfor det pedagogiske feltet ville dette blitt kalla rå maktbruk på elevane. Eg er overraska over at kommunen har starta med opplegget utan å ta debatten rundt det først. Særskilt er eg overraska over at leiar for PP-tenesta, Svein Ola Lillestøl, meiner at dette er ein god idé. PP-kontoret skal vere eleven sin advokat og ein instans som skal vere oppteken av eleven sitt beste. Eg saknar nokre refleksjonar rundt andre løysingar. Kommunen verkar så skråsikker i denne saka.

Fraråda sidan 1975

Haug meiner at det er liten grunn til å vere skråsikker på at «Løftet» er det beste for elevane det her snakk om.

– Eg er ganske trygg på at både elevane som blir tatt ut, og skulane, vil oppleve det som eit problem den dagen desse elevane skal tilbake til skulen sin, seier Haug.

Han peikar på at det finst god dokumentasjon på at det beste for såkalla problemelevar er at dei får hjelpa dei treng der dei er.

– Deira eigen skule har det sosiale miljøet som dei treng trening i å vere i. Å ta dei ut av det miljøet er å ta dei bort frå treninga dei treng. Innan pedagogikken har dette vore noko vi har fråråda skular å gjere heilt sidan vedtaket om å legge ned spesialskolane blei tatt i 1975.

Klassisk

Haug meiner det i denne saka er liten tvil om at dei einskilde skulane legg press på kommunen om å få elevane vekk.

– Då er det store spørsmålet: har kommunen og skulane prøvd nok i å få elevane til å fungere der dei er? Det finst god dokumentasjon på at slike elevar er noko den vanlege skulen fint kan klare å takle.

Flere Ålesund-nyheter? Sjekk vår byside

Haug meiner «Løftet» viser ein klassisk respons på utfordringar innan skulen.

– Ein ser eit problem og vel å overlate problemet til spesialistar ein annan stad enn på skulen. Ved å gjere det mistar samtidig alle andre på skulen verdifull kompetanse. Å la «problemelevane» vere der dei høyrer til skapar ei mykje meir fleksibel løysing for dei sjølve, samtidig som kompetanse, som kjem alle elevane til gode, blir på skulen.

–Misforståing

Konstituert leiar for PP-tenesta Svein Ola Lillestøl meiner kritikken beror på ei stor misforståing kring opplegget.

– Saka blir framstilt som om elevar med åtferdsvanskar skal lukast ut av klassa si. Det er ikkje dèt det handlar om. Dette er born med så store utfordringar at dei på eit tidspunkt ikkje meistrar å vere i klassen, og treng hjelp til ein ny start.

Dette er elevar som allereie er ute i individuelle tiltak, dels i skulebygningen og dels utanfor skulen, seier Lillestøl.

Han meiner skulen i forkant har prøvd dei tiltaka skulen rår over, og at dette er barn som per i dag ikkje får eit tilfredsstillande tilbod.

– Kommunen ynskjer å få til ein god og trygg arena der barna får ro og hjelp til fagleg utvikling, samhandling og samarbeid. «Løftet» er eit tiltak for å få dei tilbake til klassen og delta både sosialt og fagleg.