Det var full fyr i ein einebustad i Nordfjordeid i Sogn og Fjordane torsdag. Politiet fekk melding om brannen klokka 14.48, og Eid og Stryn brannvesen rykka ut.

Ingen personar vart skada i brannen.

Ingen i huset

– Alle som bur i huset er gjort greie for, seier operasjonsleiar Marianne Føleide til smp.no.

Ifølgje Føleide var det ein privatperson som melde ifrå om brannen.

Kontroll

Brannvesenet kjenner ikkje årsaken til at bustaden tok fyr. Torsdag kveld har dei fått kontroll på brannen.

– Vi er i gong med vakthald for å sikre at brannen ikkje tek seg opp att, seier vaktleiar Terje Birkevold ved 110-sentralen til Smp.no torsdag kveld.

Sivilforsvaret er også på staden og hjelper til.

– Kor store skadar er det snakk om?

– Det kan eg ikkje seie, men det er ikkje mogleg å bu i bustaden no, seier Birkevold.

Det skal ha vore eit relativt nytt hus.

Mykje røyk

Det var mykje røyk i området torsdag ettermiddag. Klokka 16 melde politiet at det kom røyk nedover mot sentrum, og dei bad folk om å late att vindauga sine.