– Eg er blitt møtt med uttaler frå menn om at vesle meg ikkje skal lære dei å køyre stor brannbil, seier Live Gandborg til Sunnmørsposten.

NRK Møre og Romsdal fortalde denne veka at Gandborg har sendt varslingssak til Hareid kommune fordi ho føler seg mobba i jobben som branningeniør i kommunen.

Orka ikkje meir

Ho meiner ho er blitt mobba og trakassert av fleire mannlege kollegaer, og at det har gått føre seg i to år utan at kommunen har stoppa det. Når ho no har levert varsel, må kommunen gå grundigare inn i saka.

– No orka eg ikkje meir. Eg ville ikkje at dei skulle vinne. Slike ting er ikkje berre eg som opplever, men det er mange kvinner som opplever slikt i Norges land, meiner Gandborg.

Og ho legg til:

– Det er utruleg at eg skal måtte ta ein slik kamp. Eg gjer det fordi eg veit at andre har det på same måten. Det er ikkje 50-talet, og det skal ikkje vere slik i 2017. Det er likestilling.

Generasjonsskifte

Ho meiner likevel det er eit generasjonsskifte på gang og at yngre brannfolk har ei anna haldning enn nokre av dei eldre. I jobben har ho også fått positiv tilbakemelding, frå folk som seier ho har god kunnskap.

Gandborg har vore sjukmeld i fleire periodar på grunn av saka. Det har også vore fleire møte om forholda, men ho meiner det ikkje er vits med møte når ikkje det blir sanksjonar overfor dei som uttaler seg krenkande og diskriminerande. No håpar ho varslingssaka skal føre til endring.

Gandborg har jobba i Hareid brannvesen sidan 2010, først som røykdykkar og deretter branningeniør med ansvar for opplæring og utstyr. Og det har ikkje vore enkelt.

Fakta

– Dei toler rett og slett ikkje at ei kvinne seier dei imot eller har meir kunnskap om ting enn dei har, seier ho til NRK.

Til Sunnmørsposten utdjupar ho:

– Når eg har lagt fram noko nytt, stiller dei spørsmål om det er rett. Dei må få stadfesting frå ein mann, før dei trur det. Og det er slitsamt å stå å fortelje noko, når det er slik.

Hovudverneombodet støttar Gandborg og stadfestar over for NRK at ei gruppe av dei mannlege kollegaene hennar ikkje vil ta imot opplæring av henne, fordi ho er ung kvinne.

Og ifølgje ein rapport frå bedriftshelsetenesta Stamina er brannvesenet i Hareid prega av uro og dårleg kommunikasjon. Dette har ført til sjukmeldingar og at folk har slutta, ifølgje NRK.

Brannsjef Olav Helt Brubakk vil ikkje kommentere saka, men viser til rådmannen for uttale. Til NRK har han uttalt at han ikkje kjenner seg igjen i framstilling av saka.

Faktaundersøking

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge er den som har teke imot varselet om kritikkverdige forhold i Hareid brannvesen.

– Vi tek sjølvsagt dette på høgste alvor. Vi har hatt møte med Stamina i dag og vil følgje opp med ei faktaundersøking, slik at vi er sikker på fakta. Og vi vil belyse saka frå fleire sider, seier Berge til Sunnmørsposten.

Ho begynte i stillinga som rådmann i august, men er kjend med at det har vore jobba med tiltak tidlegare. Når det no er blitt ei varslingssak, er ho oppteken av å få fakta på bordet og følgje opp derifrå.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge i Hareid set i gang undersøking for å få alle fakta på bordet i varslingssaka. Foto: Knut Arne Aarset