På grunn av misnøye sa 17 brannmenn opp jobbane sine før jul. Med tre månaders oppseiingstid, skal dei vere ute av jobb 1. mars i år.

– Det vil då vere naturleg å sjå til dei som har sagt opp stillingane sine, skriv rådmannen.

Han rår også til ei styrking av staben ved Fosnavåg brannstasjon, slik at dei er oppe på ein minimumsberedskap. Fram til no har dei mangla fem røykdykkarar, jamfør vedteken brannordning i kommunen.