Det er likevel UFF som samlar inn mest, men dei hadde i same periode ein nedgang på 14.610 kilo, melder Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR).

Samanlagt er det ein auke frå 2015 til 2016 på 5.180 kilo i dei to kommunane, og i snitt leverte kvar innbyggjar i Volda og Ørsta vel 6,6 kilo tekstilar i fjor, mot 6,3 kilo året før.

For Volda og Ørsta Reinhaldsverk er både Fretex og UFF viktige samarbeidspartnarar. Det er ei målsetjing for VØR at folk sorterer meir, slik at stadig mindre mengder hamnar i restavfallet, skriv dei i ei pressemelding.

Fretex samla i fjor inn totalt 57.640 kilo tekstilar i dei to kommunane, UFF samla inn 73.714 kilo tekstilar.