I vedtaket er det lagt føringar for salet: Dei vil ha pris på heile tomta, sal av deler av tomta er ikkje aktuelt.

Premissar for sal er høg arealutnytting med næringsareal og bustader, i samsvar med vedteken områderegulering. Utviklinga av sjøsida skal skje i samspel med eksisterande sentrum, bygge opp under bygateprinsippet, og skape attraktive uteområde.