Norddal kommune ønsker å ha sin butikk i Valldal, Skodje ser på Digerneset som mest aktuell, medan Hareid vil ha sitt polutsal i sentrum.

– Det er mange om beinet. Vi har no ca. 100 kommunar over heile landet som ønsker seg polutsal, og vi kjem til å føreslå ca. ti nye ved neste tildeling i haust, seier pressesjef Jens Nordahl i Vinmonopolet.

Trass i namnet, forsikrar Nordahl at han ikkje har noko med Norddal å gjere, men at etternamnet tvert imot kjem frå Nord-Norge.

Likevel føler Norddal-ordførar Arne Sandnes at Valldal ligg godt an og er med i finalen:

– Eg trur at vi har ein god sjanse til å få opna eit polutsal i Valldal. Vi har søkt i fleire år, og i fjor var eg eins ærend i Oslo for å møte leiinga i Vinmonopolet, seier Sandnes.

Grunnlag

Pressesjef Jens Nordahl forklarer at det er fleire kriterium som blir lagt til grunn når dei skal lage ei prioriteringsliste over mogelege, nye polutsal.

Her ser dei mellom anna på innbyggartal, reiseavstand til næraste pol, handel og handelsutvikling, kva andre institusjonar som er i kommunen, turisme og talet på hytter.

I dag har Vinmonopolet 315 butikkar landet over. I løpet av inneverande år skal dei opne ytterlegare 18 butikkar.

– Det er styret vårt, som er politisk oppnemnd, som fattar endeleg vedtak. Og vanlegvis brukar det kvart år å kome nye pol både i bydelar utan utsal i dag, og i distriktskommunar i dei ulike landsdelane. Styret er opptekne av ei geografisk fordeling, seier Jens Nordahl.

Arne Sandnes håpar Valldal vil nå opp denne gongen:

– Vi har sidan førre søknad fått nytt hotell, hall, nye butikkar – og folketalet går no litt oppover att, seier Sandnes.

Turistar

Vidare aukar stadig talet på hytter og faste campingvogner i kommunen. Og talet på turistar har kraftig auke.

Jens Nordahl i Vinmonopolet vil ikkje i dag rangere dei tre søkarane frå Sunnmøre.

Han nøyer seg med å peike på at Skodje og Hareid har større folketal og handel, men at Norddal har mykje lengre reisetid til næraste pol.

– Vi kjem til å gjere ei grundig vurdering av dei ulike søkarane før vi til slutt kjem med ei innstilling til hausten, seier pressesjefen i Vinmonopolet.

Arne Sandnes, Sp-ordførar i Norddal, håpar og trur det no er Valldal sin tur til å få polutsal. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ Foto: Staale Wattø