Tysdag ettermiddag hadde vegvesenet kontroll ved Kjøs i Hornindal. Her tok dei ein utanlandsk lastebilsjåfør i brot på køyre- og kviletid.

Sjåføren hadde brukt magnet for å manipulere fartsskrivaren på lastebilen, og vart meld til politiet. Alle bussar og lastebilar som brukast i køyre- og kviletidsregulert trafikk skal vere utstyrt med ein digital fartsskrivar, og det er altså denne sjåføren prøvde å manipulere.

No er straffa klar: Sjåføren får ein bot på 10 000 kroner og køyreforbod i to år i Norge, melder NRK Sogn og Fjordane.

– Vi meiner denne saka er alvorleg. Når ein manipulerer fartsskrivarar gjer ein det vanskelegare å kontrollere køyre- og kviletida. Sjåførar som sovnar bak rattet eller er uoppmerksame eit sekund eller to er også ein stor trafikkrisiko, seier politiadvokat Cathrine Elisabeth Schjelderup i Vest politidistrikt.

Å bruke magnet kan også påverke bremsene og stabiliteten, legg politiadvokaten til.

Fylkesleiar i Norsk lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, kan ikkje hugse sist han høyrde om ei så streng straff, men seier til NRK at slike reaksjonar er heilt på sin plass.