To statsrådar og ein stortingsrepresentant kom til Ørsta måndag formiddag med gladmeldinga om at det nedleggingstrua kontoret til Lånekassen i Ørsta er berga. Regjeringa har overprøvd styret i Lånekassen, og legg heller ned arbeidsplassar ved kontoret i Oslo og avviklar kontora i Bergen og Tromsø.

Ørsta berga

– Det er meiningslaust å aktivt jobbe for å skape aktivitet i utsette regionar av landet og samstundes legge ned statlege arbeidsplassar som desse i Ørsta, seier stortingsrepresentant Pål Farstad (V).

Venstrepolitikaren frå Møre og Romsdal vil ha sin del av æra for snuoperasjonen i denne saka. Det vil også dei to statsrådane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale, som begge håper på å bli valt inn på Stortinget frå fylket.

– Dette er gledeleg både for Ørsta og Møre og Romsdal, seier landbruksminister Jon Georg Dale og innvandringsminister Sylvi Listhaug.

Positivt overraska

Både politikarbesøket og nyheita kom bardus på dei tilsette ved Lånekassen i Ørsta. Dei rakk ikkje eingong å kjøpe inn kake til besøket. Det er i underkant av 20 tilsette ved kontoret i Ørsta, som på langt nær har så mange statlege arbeidsplassar som nabokommunen Volda.

– Det var ei veldig positiv overrasking, men vi har aldri gitt opp håpet, seier ei av dei tilsette, Margunn Roen.

Takkar politikarane

– Både dei tilsette her på kontoret og lokale politikarar har jobba hardt sidan vi fekk beskjeden om at Lånekassen ville legge ned kontoret. Ikkje minst har Sunnmøre regionråd gjort ein god jobb. Eg vil også takke Mørebenken på Stortinget, seier Molnes.

Legg ned i byar

På landsbasis skal Låneskassen effektivisere, og det vert nedskjeringar i Oslo og Bergen.

– Nokre av dei som vert overflødige andre stader i landet vil få tilbod om å bli overførte til Ørsta-kontoret, seier Jon Georg Dale.

Regiondirektør Solveig Festø ved Lånekassen i Ørsta seier det har vore ei vanskeleg tid for dei tilsette.

– Vi har gått og venta på ei avgjerd i over eit halvt år. Så no er alle veldig letta, seier ho.

Bente Mangerud (t.v.) , Bente Øye, Aud Nesheim og Margunn Roen er svært letta over at arbeidsplassane er berga. Foto: svein aam