Skipstrafikken som går eit stykke ut frå land blir overvaka avKystverket døgnet rundt, året rundt. Det er i denne ytre leia atdet meste av risikotrafikken går langs Norskekysten.

Manglar overvaking heile døgnet

For noen tiår siden: Naturen har kvernet opp bulkbåten til en dunge med stålkuler

Nærare land erdet derimot meir tilfeldig. Skipstrafikken i den indre seglingsleiaaukar. Men heildøgns overvaking manglar nord for Sognefjorden.Kystverket fortel at dei ikkje har personell til å følge med pådenne trafikken. Store delar av kysten manglar også radardekning.Men snart kan det vere Nordvestlandet sin tur.

No startarførebuingane til å utvide overvakinga av indre skipslei vidarenordover til Nordvestlandet og vidare til Kristiansund.

Radar, AIS og samband

De siste bildene fra frakteskipet «Arisan» få timer før det gikk ned utenfor Runde De siste bildene av «Arisan» - timer før skipet gikk ned Mye var ihjelrusta, forteller ei som var om bord i lasteskipet «Arisan» får timer før det gikk ned tre kilometer vest av Runde.

Forslaget inneber å bygge ut kystradar-dekning frå Sogn tilNordmøre. Forslaget inneber også å forbetre sambandsdekninga ogAIS-dekninga.

– Vi set no i gang med førebuingane, slik at vi kanstarte utbygginga neste år, seier Trond Ski ved Kystverket iÅlesund.

– Og det er ein spesiell risiko for skip som går nærkysten fordi vi har dårleg tid viss det skjer noko. Det er bereknaat ei slik utbygging er samfunnsøkonomisk lønsam sidan overvakingvil kunne hindre ulykker, seier Trond Ski hos Kystverket i Ålesund.

Her ligg «Arisan» 25 år etter Baugpartiet etter «Arisan» med masta er heilt intakt. Her står store ankervinsjar, og det er mogleg å svømme inn i sjølve baugen og opp ei luke framme i spissen, fortel dykkar Marius Remøy.

Transport med stor risiko

Ei kystradar-kjede på Møre vil også kome til nytte i overvakinga av den ytre skipsleia eit stykke ute i havet, der det meste av risikotransporten går.

Vardø sjøtrafikksentral følgjer døgnet rundt med på trafikken i ytre skipslei langs heile kysten. I desse dagar er det ti år sidan denne overvakinga vart etablert. Alle fartøy over 5.000 brutto-tonn står på ei risikoliste, fortel sjef Ståle Sveinungsen.

– Desse skipa bruker tungolje som framdrift. All risikotransport i transitt i norsk økonomisk sone blir automatisk registrert hos oss, seier han.

Ikkje Arisan-ulukke

Kan ei ulukke som «Arisan»-forliset skje igjen langs norskekysten? «Arisan» var eit bulkskip fullasta med malm frå Narvik som forliste utanfor Runde. Skipet brukte tungolje som drivstoff. Til saman 150 tonn olje grisa til 32 km strender på Mørekysten.

Sjefen for Vardø sjøtrafikksentral trur ikkje ei slik ulykke skjer igjen.

– Det er litt gammal tonnasje igjen på bulksida som seglar på blant anna Narvik. Elles er skipsflåten i god stand, seier han.

– Med alt det førebyggande vi gjer no, så skal ei slik ulykke ikkje skje igjen, legg han til.

150–200 avvik i året

– Vardø sjøtrafikksentral registrerer kvart år 150–200 skip som har avvik frå si planlagde rute. Skipa blir kontakta for årsak, og ressursar blir sendt mot fartøy som driftar – alt på bakgrunn av godt innarbeidde prosedyrar, seier Sveinungsen.

– Kva sjanse har ein kaptein til å snike seg unna eller segle «under radaren»?

– Den blir mindre og mindre. Vi får stadig betre oversikt over kva som rører seg i norsk farvatn, seier sjef Ståle Sveinung-sen ved Vardø Trafikksentral.