På Skotholmen i Herøy er det denne veka hektisk aktivitet. To tidlegare landslagskokkar har teke over restaurantkjøkkenet, der dei lagar mat for ei ny kokebok.

– Vi skal innom alle plassar eg har vore, frå Gjerdsvika til Lom. Det er historia om meg som skal med i denne boka, fortel Morten Schakenda.

Bysse og skulekjøkken

I tillegg til Schakenda sjølv, er Kristoffer Hovland med når dei mange rettane skal gjerast klar for fotografering.

Og det er reklamebyrået Dinamo som lagar kokeboka med arbeidstittelen «Røtter».

Kokebok Mellom 40 og 50 oppskrifter skal vere med i den nye kokeboka, og det er ein stor jobb å lage alle rettane klar for fotografering på Skotholmen. Også Kristoffer Hovland (t.h.) er tidlegare landslagskokk, og han jobbar no hos Morten Schakenda på Lom.

Oppskriftene er henta frå livet til Schakenda og er knytt til historier, slik at boka skal kunne lesast frå perm til perm.

Både mora og bestemødrene hans i Gjerdsvika og i Danmark er viktige inspirasjonskjelder.

– Alle kokkar har enten mor eller bestemor som heltar. I min familie har vi alltid vore opptekne av mat, fortel Schakenda, og legg til at begge foreldra og brørne har vore matinteresserte.

Med ein far frå Danmark kom også danske tradisjonar inn i heimen i Gjerdsvika.

– Vi brukte både and og pinnekjøt på julaftan, fortel Schakenda.

I helga tok han med bok-teamet heim til Gjerdsvika, der dei fekk vere med på lutefisklag på Adolfbuda. Dei var også heime hos mor til Morten, Magny, og fekk servert lefser.

Verd å ta vare på

I boka vil Schakenda trekke fram oppskrifter på blant anna sprøsteikt raudspette, kokte kjøttbollar og heimelaga leverpostei. Også gulrotsalat frå skulekjøkkenet i Gjerdsvika får plass. Og han deler oppskrifter frå den gong han jobba i byssa på skuleskipet «Gann». Smakar frå maten han serverte på reketrålar skal også med. Det same skal oppskrifter frå kokkeutdanning på Åndalsnes og læretida på Ulstein hotell. Dessutan vil han blant anna også dele smakar frå tida på gourmet- restauranten Bagatelle og frå Gastronomisk Institutt.

– Det vil handle mykje om kvardagsmat. Vi må lage ei bok som folk brukar. Viss eg skal vise alle kor flink eg er, så er det ingen som torer å begynne på desse oppskriftene, smiler Schakenda. I boka prøver dei å gjenskape nokre smakar som er verd å ta vare på.

– Det er ei spennande, geografisk smaksreise, seier tekstforfattaren John Rørdam, som har laga tre kokebøker tidlegare saman med Schakenda.

Han meiner boka dei no lagar er litt sjølvmotseiande, når det handlar om smakar som Schakenda stadig vender tilbake til.

– Det seiest at viss noko er det beste du har ete, må du aldri prøve å ete det ein gong til. Då blir det ein nedtur, seier han og forklarer at eit måltid handlar om så mykje meir enn maten: Om atmosfæren, kor mykje vin du drikk, kven du sit saman med, stemninga rundt bordet og så vidare.

Bakeriet i Lom

Schakenda har siste åra budd på Lom, der han har bygd opp eit bakeri som er blitt ei suksesshistorie. Han lever med kreft, men har satsa mykje på å utvikle bedrifta også etter at han fekk sjukdomen.

– I fjor hadde vi det beste året nokon sinne, fortel Schakenda, og avslører at omsetninga enda på rundt 17,5 millionar kroner.

Ifølgje proff.no har omsetninga auka for kvart år, til knapt 16 millionar kroner i 2015. Også resultatet har auka gradvis, med overskot kvart år.

Schakenda har gitt ut fleire bakebøker før, og han trur det er marknad for kokebøker.

I fjor gav han ut Pepperkakebakeboka, og heile førsteopp-laget blei selt ut med ein gong.