Dokumentaren «Utan mat og drikke» blir sendt på NRK 30. januar. Opptaka er frå august.

– August er ein fin månad for norskprodusert mat. Vi var mellom anna sjølvforsynte med poteter og bær frå hagen. Likevel blei eksperimentet ei stor omvelting for familien, fortel Ida Kleppe.

Familien bur i Bergen, men Kleppe er frå ein liten gard på Leikong i Herøy.

Det gode liv

Det første som forsvann frå kjøkkenet var kaffimaskina.

Kaffi blir som kjent ikkje prosusert i Norge. Ikkje krydder og sukker heller. Dermed måtte så godt som alt av ferdigmat ut av huset, inkludert matvarer som sylteagurk og ketsjup på flaske.

Den heimelaga ketsjupen blei aldri ein hit hos barna, viser dokumentaren. Vinen måtte vekk. Tran med sitronsmak like eins. Norske brød blir ofte bakt med mjøl frå andre land som Sverige, Danmark og Tyskland, og gjær er importvare.

Familien kjøpte spesiallaga surdeigsbrød frå eit familiebakeri utanfor Bergen.

– Det viste seg å vere tidkrevjande nok å lage all middagsmat frå botnen av, så eg er glad vi slapp å bake brød i tillegg. Kveldane etter at ungane var i seng blei brukt til å koke kraft til neste dag, og i helgene gjekk mykje av tida til kjøttmatproduksjon, fortel Kleppe.

– Vi laga mykje god mat frå botnen av, som kjøtkaker, pølser og knallgod pasta. Vi har gode råvarer i Norge. Vi er i stor grad sjølvforsynt med meieriprodukt som smør, mjølk og ost. Vi fiska litt, hadde høner i hagen og dyrka grønsaker og bær. Gode råvarer kan vere dyrare enn ferdigmat, men fordi vi ikkje gjekk på kafé eller kjøpte snop, blei matbudsjettet omtrent det same som elles. Det er tida som er problemet.

Tidsklemma

For med tre barn og to vaksne i fullt arbeid er det utfordrande å ikkje kunne ty til raske ferdigprodukt i kvardagen.

– Vi blei heller ikkje meir energiske eller harmoniske av å leve utan sukker og kaffi. Tvert imot smakte den første kaffikoppen etterpå heilt nydeleg.

Så kva lærte familien av å leve på norsk mat i ein månad?

– Konklusjonen er at norsk mat er bra nok, men ikkje nok. Og så gjer norske bønder ein viktig jobb, utan å få skikkeleg betalt for det.

Tidkrevjande, men godt å lage pasta frå botnen av. Ida Kleppe med barna Vera, Olivia og Harald. Foto: Pandora Film as Filmskaparen lager heimelaget pasta saman med barna Vera, Olivia og Harald. Foto: Pandora Film as.
Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale er gjest i programmet, her i arbeid på kjøkkenet med Kleppe. Foto: Pandora Film as Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale er ein av gjestene, her på kjøkkenet med Ida Kleppe. Foto: Pandora Film as