Vedtaka var ikkje samrøystes. I Eid røysta 23 av 29 representantar for samanslåing, i Selje var stemmetalet 14 for og 3 imot.

– Dette er en gledens dag for Selje kommune, seier ordfører Stein Robert Osdal (KrF) til NTB.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) var blant dei som stemde for.

Han seier det greitt at det historiske vedtaket ikkje blir ståande for ettertida som samrøystes.

– I formannskapet sist veke presiserte eg ganske tydeleg at det var viktig at alle no stemde etter si eiga overtyding, og ikkje ga etter for eventuelt press om at dette måtte bli eit samrøystes vedtak. Det er heilt naturleg i ei slik sak at ein ikkje er skråsikker på at det vedtaket ein endar på er det rette, seier Bjørlo til smp.no, etter vedtaket torsdag kveld.

– Er du sjølv sikker på at dette er det rette for Eid kommune?

– Sikker kan ein aldri vere. Men Eid har vore tydelege på at vi ville ha fleire kommunar med i ei samanslåing. No vart det slik at Eid og Selje fann kvarandre på ein god måte, og då kjende eg at det var rett å gå for det, seier Bjørlo.

Utfyller kvarandre

Den nye Eid/Selje kommune vil få ca 9.000 innbyggjarar, og blir den fjerde største kommunen i Sogn og Fjordane, målt etter innbyggjartal.

Kommunen blir størst i Nordfjord og får Eid som kommunesenter.

– Eid og Selje er to kommunar som utfyller kvarandre godt. Medan Selje har eit sterkt kystnæringsliv har Eid eit meir urbant senter og sterke fagmiljø innan for eksempel skule. Når vi no skal arbeide tettare i lag, trur vi det skal vere mulig å utvikle oss vidare, og bli ei kraft som vil vere i stand til å levere gode tenester til innbyggjarane, seier ein optimistisk Bjørlo.

Nei frå Vågsøy

Ei kommune som ikkje har tru på eit slikt samarbeid er Vågsøy.

Dei har takka nei til invitasjonen frå Eid og Selje.

– Vi skulle veldig gjerne ønske at Vågsøy blei med. Men slik blir det ikkje i denne runden. Innbyggjarar i bygda Bryggja har mobilisert og vil over i den nye kommunen Eid/Selje. Men ingenting er vedtatt, presiserer Bjørlo.

Møter Jan Tore Sanner fredag

Som fortel at han i fredag morgon reiser til Oslo saman med ein delegasjon frå Eid og Selje.

Ordførarane Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal inviterte seg sjølv på besøk til kommunalminister Jan Tore Sanner.

– Vi skal til Sanner og formelt levere vedtaket om samanslåing fredag klokka 10.00. Det gir oss samtidig høve til å snakke om våre tankar for den nye kommunen og kva som er viktig for oss i framtida. Vi kjem til å kome innom både Stad Skipstunnel og håpet om fleire lokale statlege arbeidsplassar, lovar Alfred Bjørlo.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) kjempa for samanslåing av Eid og Gloppen. Men i staden vart det Selje og Eid som fann kvarandre. Foto: ARKIV