Lukkeleg som liten eller sterkare saman? Dette er spørsmålet også i høgskulesektoren. Leiinga ved Høgskulen i Volda, med rektor og styreleiar Johann Roppen i førarsetet, har så langt valt åleinegang, etter fusjonssonderingar med både Molde, Bergen og Sogndal.

Alliansar

Tre eksterne styremedlemmer er pådrivarar for ei meir offensiv line i forhold til alliansar. Dei er utolmodige.

– Vi er for seint ute med å gjere grundige strategiske utgreiingar og strategiske val, seier styremedlem Kristin Sørheim, som er fylkespolitikar for Senterpartiet.

Sørheim er saman med Terje Heggem valt inn i høgskulestyret av Møre og Romsdal Fylkeskommune. Begge har ivra for eit Møreuniversitet, men denne tanken fekk dødsdommen då Høgskulen i Ålesund fusjonerte med NTNU i Trondheim.

Tilbake står høgskulane i Volda og Molde, som to av dei tre minste i landet.

Leiinga ved Høgskulen i Volda, og delar av styret, meiner det er lite å hente på ei samanslåing med Molde.

– Det er ikkje grunnlag for å utgreie fusjon med Molde, sa styremedlem Endre Brunstad.

Pressar på

Formuleringa «skarpt profilert høgskule» er henta frå statssekretæren i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad. Han har sagt at: «Det kan hende at det er ein nisje for ein mindre, veldig skarpt profilert høgskule, om dei er villige til å ta nokre krevjande val».

Leiinga ved Høgskulen i Volda tolkar dette som grønt lys for å halde fram som sjølvstendig, men liten, høgskule. Men styremedlem Terje Heggem har ein annan innfallsvinkel.

– Alternativet er ikkje å vidareføre Høgskulen i Volda som i dag, men å gjere nokre krevjande val, og bli ein høgskule som er skarpt profilert. Og med «krevjande val» meiner nok statssekretæren ubehagelege val, sa Heggem på styremøtet.

Justerte kursen

Han sette dette på spissen med å spørje om Volda skal satse på pedagogisk utdanning, og kanskje droppe medieutdanning, slik at det vert ein tydeleg «sterk profil» på tilbodet.

Styret slutta seg til forslaget frå Østensjø om å utgreie eit forpliktande samarbeid med Molde og Bergen.

Dermed er det framleis liv i tanken om ein høgskuleallianse Volda – Molde.

utolmodige: Desse styremedlemmene pressar på for å finne alliansepartnarar for Volda: F.v. Kristin Sørheim, Inger Østensjø og Terje Heggem. Foto: svein aam