Kart og grafikk: Jakten på krisemilliardene

Ulsteinvik, hausten 2015: Konturane av oljekrisa er for lengst merkbare. På eitt år er oljeprisen halvert, og allereie har folk begynt å miste jobben.

Men regjeringa har lytta til ropa om hjelp frå ei næring og landsdel i krise:

På kort tid tek først næringsministeren, deretter olje- og energiministeren, turen til Ulsteinvik for å vise handling. Med seg i kofferten har dei ei tiltakspakke som skal hjelpe næringslivet og bidra til sysselsetting i det kriseramma Sør- og Vestlandet.

Klevenbesøk Næringsminister Monica Mæland (H) ved Kleven verft i september 2015. Med seg i kofferten hadde ho dei første lekkasjane om regjeringa sin tiltakspakke. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Blei «vanlege» pengar

Halvanna år seinare: Sjølv om både krisa og krisepakken har vakse, har lite pengar funne vegen tilbake til staden der Monica Mæland poserte smilande med hjelm i 2015.

Det viser ei kartlegging som Klassekampen har gjort, saman med Sunnmørsposten og 13 andre lokalaviser.

Berre 2,3 av fem milliardar kroner gjekk rett til det kriseramma Sør- og Vestlandet.

Kor har pengane teke vegen?

Mykje «forsvann» på vegen frå departementa til kysten.

1,14 milliardar kroner gjekk til andre landsdelar.

1,38 milliardar blei «vanlege pengar»: Vegvesenet putta 690 millionar kroner inn i den nasjonale riksvegpotten og kan ikkje gjere greie for korleis desse pengane er fordelt mellom landsdelane. Justisdepartementet disponerte 600 millionar kroner til «drift og vedlikehald av bygg» – desse enda med å ta asylrekninga for heile landet.

1,92 milliardar gjekk til tiltak på Sør- og Vestlandet. Men også her finn ein fleire eksempel på at selskap frå andre landsdelar – spesielt Austlandet – har fått oppdraga.

400 millionar gjekk direkte til 64 kommunar på Sør- og Vestlandet – pengane blei fordelt basert på innbyggjartal og tal for arbeidsløyse.

Tre prosent til Møre og Romsdal

Det store biletet er at ein liten del av totalen kan sporast til tiltak i Møre og Romsdal.

Totalt har vi spora opp rundt 147 millionar kroner som gjekk til tiltak i Møre og Romsdal – tre prosent av den totale krisepakka:

  • 38 millionar frå kommunepotten: Sunnmørskommunane Stordal, Haram, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Ålesund fekk 17, 5 millionar kroner. Her har kommunane blitt brukt på små prosjekt som nok har hatt ei viss sysselsettingseffekt. Nokre har ansatt folk med NAV, andre har hyra inn entreprenørar.

  • 109,3 millionar frå departementa: Her finn vi mellom anna 50 millionar til investeringar i helseføretaket, 17 millionar i samferdsle, 12,5 millionar til forsking og 7,5 millionar til investeringar ved Høgskulen i Volda/Statsbygg.

Mykje til byane

Offshorekrisa har ramma hardt, og ho har ramma dei ulike delane av Sunnmøre ulikt. Det same har pengane frå regjeringa.

Hit har både forskingsstøtte og pengar til bygg- og anleggsprosjekt ved sjukehusa funne vegen.

Til dei kriseramma kommunane på Søre Sunnmøre, der Monica Mæland presenterte krisepakken hausten 2015, ser det ikkje ut til at dei statlege kronene har nådd fram.

Siv Jensen meiner pakken har fungert godt

Regjeringa si tiltakspakke skulle hjelpe særleg Sør- og Vestlandet. Finansminister Siv Jensen meiner at pakken har fungert i tråd med hensikta, sjølv om 1,14 milliardar har gått til andre delar av landet.

– Nokre av satsingane må nødvendigvis bli landsdekkande. Mellom anna har vi tiltak generelt mot ledige, og dei må treffe ledige der dei er. I tillegg til at pakka var retta mot Sør- og Vestlandet, var den òg retta mot bransjar som slit. Dei er i hovudsak på Sør- og Vestlandet, men det er naturleg at det går middel til andre landsdelar også, seier Jensen til Klassekampen.

I dei totalt 64 kommunane som var definert som krisekommunar, har arbeidsløysa totalt gått ned med 872 personar sidan krisepengane kom. I 16 kommunar er arbeidsløysa høgare. Jensen meiner likevel pakken har fungert godt.