– Vi må sjå økosystema i ein heilskap, seier Berg til Kyst og Fjord.

Støtten ble fjernet fra statsbudsjettet under Elisabeth Vik Aspaker (H) i 2015, men tilskuddsordningen ble gjeninnført av nåværende fiskeriminister Per Sandberg (Frp) i 2016.

Berg antydar at støtta vil vere på ein stad mellom 2 og 2,5 millionar kroner. Det er mindre enn det næringa sjølv meiner må til, men Berg seier regjeringa ønsker å bidra til at det blir utvikla ei lønsam næring framover.

– Det er viktig at vi klarer å få fram produkt som skaper verdiar framover. Ønsket er sjølvsagt at vi på sikt skal få ei næring som står på eigne bein. Og vi har tru på dette. Hadde vi ikkje det, ville vi ikkje vore med på eit vidare tilskot til selfangsten, seier Berg