Dei hadde gått seg fast i Toskegjølet, og blei berga ned av Røde Kors.

Tormod Eldholm er korpsleiar. Han fortel til smp.no at det er klart og fint vêr på Rotsethornet i Volda. Fjellet er 649 meter over havet.

– Vi har akkurat fått dei ned på trygg grunn, fortel Eldholm.

Ifølgje korpsleiaren gjorde dei to det einaste rette når situasjonen blei som den blei. Dei to hadde gått seg fast i så bratt terreng at det ville vore uklokt å gå vidare.

Eldholm fortel at dei to skulle gå ned Toskegjølet, men kom seg ikkje ned. Dei snudde og gjekk opp igjen, men blei sittande fast. Terrenget her er svært bratt.

– Dei var nok svært heldige som kom frå dette utan fysiske skader. Det kunne fort vore eit tragisk utfall. Området er ikkje normalt turterreng og ikkje ein plass folk bør gå utan at det er snakk om klatring, meiner korpsleiaren.

Begge dei to i 20-åra er uskadd og i fysisk god form.

– Det var ein krevjande aksjon, og det var bra at dei ringte til politiet, meiner Eldholm.

Mange har fått hjelp ned frå Rotsethornet i Volda, ofte på grunn av tett tåke og dårleg sikt. Det har også skjedd ulykke med tragisk utgang ved fjellet.

Foto: RØDE KORS
Rotsethornet i Volda. ARKIV Foto: Knut Arne Aarset