Bilistar på E39 som skal køyre gjennom Volda/Ørsta, må i framtida rekne med å betale ein enno ukjend sum bompengar som også vil kunne inkluderer andre prosjekt enn E39.

Ørstafjordkryssing

I første omgang er det Voldatunnelen som skal realiserast. På møtet kom det fram misnøye med at Ørstafjordkryssinga ikkje er med i første fase.

Dette blir forklart med at ein treng tida fram til 2020 for teknisk undersøkingar for fjordkryssingane for Hafast og Ørstafjorden.

Innspel Cathrine Helle-Tautra i vegvesenet inviterte til gruppearbeid, der folk frå næringslivet blei invitert til å kome med innspel til kva som må med i samferdselspakken for Volda og Ørsta.

– Det er uvisst kvar bruene skal kome, og vi må vite at vegen treffer brua, sa Kjetil Strand som forklaring på at Ørstafjordkryssing er eit stykke fram.

Entreprenør Kjell Arne Aurstad var ein av dei som var kritisk til dette.

– Ørstafjordkryssing kan ikkje vente på Hafast. Vi må prøve å få det fram, for Hafast ligg lenger fram i tid, meinte han.

Toløps-tunnel i Volda

Voldatunnelen er basis i pakken, og Volda kommune vil legge fram forslag til reguleringsplan for toløpstunnel på strekninga i mars/april. Men spørsmålet er altså kva andre tiltak skal inn, og kva som skal prioriterast.

– Vi må finne ei løysing. Såpass god tone er det mellom Ørsta og Volda. Spørsmålet er kven som skal ta kostnadene, om det er innbyggjarane eller pakken, sa Ørsta-ordførar Stein Aam.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Den såkalla Torvmyrvegen blei trekt fram som viktig:

– Om denne vegen ikkje blir kopla på pakken, så får ikkje industriområdet utvikle seg normalt, sa Kjell Arne Aurstad.

Petter Bjørdal i Volda og Ørsta reinhaldsverk var einig og kom med ei oppmoding:

– Vi må stå saman og ta lærdom av det som har skjedd andre stader i fylket. Der dei slåst mest, går det lengst tid før det blir gjort noko som helst, sa Bjørdal som også minna om at ein ikkje må gløyme flyplasskrysset.